Engsvingel
Engsvingel (Festuca pratensis) er ei plante i grasfamilien. Planta vert kring 50 cm høg og har mørkgrøne slette blad, 4-5 mm breie. Ho har lang, smal topp med korte parvise greiner. Engsvingel har lysgrøne eller stundom litt fiolette småaks som er kjevleforma med tett taklagde agner utan snerpe; dette er uvanleg hos Festuca. Arten er utbreidd i Europa og Asia. I Noreg finst planta gjennom heile landet, men sjeldan lengst i nord. Ho blomstrar kring juli månad i eng og bakkar. Funnen opp til 1222 meter over havet på Finse.
Engsvingel | |
Engsvingel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Pooideae |
Stamme: | Poeae |
Understamme: | Loliinae |
Slekt: | Svingelslekta Festuca |
Art: | Engsvingel F. pratensis |
Vitskapleg namn | |
Festuca pratensis |
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Nurminata» frå Wikipedia på finsk, den 13. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Engsvingel i Encyclopedia of Life
- (en) Engsvingel i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Engsvingel hos ITIS
- (en) Engsvingel hos NCBI
- (en) Engsvingel hos The International Plant Names Index
- (en) Engsvingel hos Tropicos
- (en) Kategori:Festuca pratensis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Festuca pratensis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Festuca pratensis – detaljert informasjon på Wikispecies