Envold de Falsen
Envold de Falsen (17. oktober 1755–16. november 1808) var ein norsk embetsmann, politikar og diktar, fødd i Danmark. Han var far til Christian Magnus og Valentin Falsen.
Envold de Falsen | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1755 København | ||
---|---|---|---|
Død | 16. november 1808 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | lyrikar, advokat, embetsmann, diktarjurist, skodespelar, omsetjar, skribent | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Far | Christian Magnus De Falsen | ||
Ektefelle | Henriette Mathiesen | ||
Barn | Christian Magnus Falsen, Valentin Falsen, Jørgen Conrad de Falsen | ||
Alle verv |
|
Envold Falsen var inngift i «rikmannsklassa» i Christiania. Åra 1777-88 var han assessor i overhoffretten i byen. Dei to siste åra, 1786-88, var han medlem i Lofthuskommisjonen og skreiv sjølv innlegga frå kommisjonen. Der etter var han 1789-91 lagmann i Nordlandene og Finmarken. I 1793 skreiv han ei avhandling for eit norsk universitet.
Falsen var mykje oppteken av teater. Han var ein dugande amatørskodespelar. På 1790-talet var han med å skipe eit teaterselskap, og forfatta sjølv fleire dramatiske verk.
Frå 1802 var Falsen justitiarius i Akershus stiftsoverrett til han døydde i 1808. I 1807-08 var han den drivande krafta i Regjeringskommisjonen. Han var då redaktør for det offentlege bladet Budstikken, der han i «fyndig og eldfull stil mana folket til mod og nasjonalkjensle». Falsen var ikkje nervesterk, gjorde sjølv ende på livet sitt.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952