Epleslekta

planteslekt
Epleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Epleslekta Malus
Mill., 1754

Epleslekta (Malus) er ei planteslekt med små tre eller buskar i rosefamilien. Den meste kjende arten i slekta er epletreet, men ho omfattar òg mange viltveksande artar med små, sure frukter.

Tre i slekta er som regel lauvfellande, men nokre få er halvt eviggrøne. Nokre av artane har tornar, men dei fleste er utan. Knoppane er avlange med fleire overlappande skjel. Blada sit spreidd og er tanna eller flikete. Blomane sit i ein klase eller halvskjerm; dei har 5 begerblad og 5 kvite, rosa eller raude kronblad. Det er 15–50 pollenberarar med kvit stilk og gul pollenknapp. Frukta er ei kjernefrukt med 3–5 kammer som kvar har 1–2 svarte eller brune frø.

Epleslekta er utbreidd i dei fleste tempererte strøk på den nordlege halvkula. I Noreg veks ein art naturleg, villeple (Msylvestris).

Hageeple har størst økonomisk tyding, men er ikkje den einaste arten som blir dyrka. Mange andre arter og hybridar mellom dei blir planta i hagar sidan dei har vene blomar om våren, fargerike frukter om hausten og ein kompakt vekst.

Artar endre


Galleri endre

Kjelder endre

  • «Malus». Henta 5. oktober 2016. 
  • «Malus». Henta 5. oktober 2016. 
  • I. Palmstierna (1999). Trær & busker i hagen. Oversatt av N.P. Thuesen, foto B.K. Johanson. Orion. s. 163–165. ISBN 82-458-0370-7
  • R. Lancaster (1977). Trær i hagen. Oversatt av K.E. Aarthun. Stavanger: Stavanger lithografiske anstalt. s. 88–91. ISBN 82-990430-2-6
  • «Malus». Henta 5. oktober 2016. 
  • A. Kurtto. «Malus». Henta 5. oktober 2016.