Villeple

Villeple
Villeple
Villeple
Status
Status i verda: Datamangel
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Epleslekta Malus
Art: Villeple M. sylvestris
Vitskapleg namn
Malus sylvestris

Villeple eller villapal (Malus sylvestris) er ein art i epleslekta (Malus). Han er i slekt med dyrka epletre, men er ikkje opphav til dette. Kryssing mellom dyrka eple og villeple har likevel hatt innverknad på fleire epleslag frå Europa.[1]

Arten veks i Vest-Europa, og villeple er den einaste arten av epleslekta som veks vilt i norsk natur. Treet finst spreitt langs kysten frå Østfold til Trøndelag. Det er rekna som ein sårbar art i Noreg.[2]

Det blir òg brukt som podeunderlag/grunnstamme for dyrka hageeple.

SkildringEndra

 
Stort villepletre i bløming

Frittståande tre har ei vid krone, som regel med eit virvar av greiner. Greintorner er vanlege. Villeplet veks oftast som eit lite tre, omkring 4-5 meter høgt, men kan bli over 10 meter. Årsskot, knoppar og blad er heilt glatte utan hår. Langskota er tynne. Blada er hyppig infisert med eplegallmidd, noko som viser seg som eit brunfilta belegg på undersida. Blomsterknoppane er som regel raude og kronblada får dermed eit raudskjær på utsida. Kronblada er ca. 16-20 mm lange på villeple, mot ca. 20-35 mm hjå hageeeple. Bløming skjer som oftast i siste halvdelen av mai. Det er vanleg med 6 blomar i kvasten. Villepla er gule-lysgrøne-grøne på treet, og sit inntil 3-4 saman i eit knippe, men blir ofte gule på bakken. Dei er mogne i september-oktober. Forma er rund og knudrete, ofte noko spissa til, med ein diameter på 20-40 mm og vekt kring 10 gram. Eplene har lange tynne stilkar som ofte er lengre enn sjølve frukta.

SmakEndra

Smaken er sur og samansnerpande bitter. Den bitre smaken og fullstendig fråvær av hår er dei viktigaste karakterane som viser til villeple. Eple med varierande innslag av raudleg farge, med diameter større enn ca. 40 mm og vekt over 20 gram og korte, lubne stilkar saman med friskare, meir syrleg smak, indikerer innslag av hageeple. I det heile er hageeple eller dyrka eple større i alle høve, med tjukkare kvistar og knoppar, større eple og blomar. Det finst alle moglege overgangar mellom typane.

 
Brestande knoppar av villeple.

VeksestadEndra

Villeplet er sterkt lysavhengig, det treng lys og luft for å trivast, og veks fyrst og fremst i ope kulturlandskap, i skogkantar, vegkantar, engkanter, åkerholmar, eigedomsgrenser, strandkratt og bakstrand ut mot sjøen og svaberget. I skog blir villepla fort skugga ut av andre meir hurtigveksande tre, og døyr. Difor er truleg den største trusselen for villeple i Norden gjengroing av kulturlandskapet. Ein annan trussel er oppblanding med hageeple.

 
Mogne villeple
 
Eplekjernar eller frø av villeple med målestokk

UtbreiingEndra

I Noreg veks villeple svært spreitt i eit smalt belte langs kysten frå Østfold til Trøndelag. På Inderøy ligg den nordlegaste stadfeste veksestaden til eple i verda (2009). I tillegg finst det nokre få eldre lokalitetar nord til Alstahaug og Døntna i Nordland. Totalutbreiinga omfattar nordre, vestre og sentrale delar av Europa.

I kulturenEndra

I Osebergskipet fann ein ei bøtte villeple.[1] Ein har brukt epla til å laga most, noko mellom anna Olaus Magnus nemnde i Historia de Gentibus Septentrionalibus.[1] Villeplestammar er blitt brukt til å poda epletre på i store tal.[1] Trea kan også brukast til bonsai på grunn av dei fine blomane.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Publisert: 05.09.2017, «Villeple», Nibio (på norsk), henta 12. mai 2021 
  2. «Villeple Malus sylvestris (L.) Mill.». artsdatabanken. Henta 10. mai 2021. 
  3. «Biologiportalen | Villeple», www.biologiportalen.net, henta 12. mai 2021 

LitteraturEndra

  • Tor Myking. «Sansenes trær : søtkirsebær og villeple : genetiske ressurser hos spredtvoksende treslag». I: Skogeieren, nr 6, 2004
  • Per Arvid Åsen. Registrering av villeple (Malus sylvestris) fra Telemark til Rogaland. Utgitt av Agder naturmuseum og botaniske hage, 2008. (Natur i Sør; nr 1, 2008)
  • Per Arvid Åsen. «Villeple Malus sylvestris i Norge». I Lommen, 45, side 12-13, vår 2011