Opna hovudmenyen

Erich Gottlieb Eliskases (15. februar 19132. februar 1997) var ein austerriksk sjakkspelar. Eliskases var ein av dei sterkaste sjakkspelarane i verda på slutten av 1930-talet. Han var stormeister i sjakk og representerte både Austerrike, Tyskland og Argentina i internasjonale konkurransar.

Erich Eliskases
Statsborgarskap Austerrike, Argentina, Brasil
Fødd 15. februar 1913
Innsbruck
Død

2. februar 1997
Córdoba i Argentina

Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Erich Eliskases var fødd i Innsbruck. Han lærte seg sjakk som 12-åring og viste raskt forbløffande talent. Eliskases blei klubbmeister som 14-åring, tyrolsk meister som 15-åring og nasjonal meister som 16-åring.

Etter at Austerike blei innlemma i Tyskland i 1938 vann Eliskases det tyske meisterskapet både i 1938 og 1939 i Bad Oeynhausen. Han spelte for Tyskland under sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Buenos Aires i 1939. Under sjakk-OL kom utbrotet av den andre verdskrigen, og Eliskases, saman med mange andre spelarar - mellom anna også resten av det tyske laget - valde å bli verande i staden for å dra heim. Han var ei tid i Brazil, men slo seg så ned i Argentina, og fekk etter kvart også argentinsk statsborgarskap. Han spelte for Argentina i sjakkolympiadane i 1952, 1958, 1960 og 1964.

Verdssjakkforbundet FIDE tildelte Eliskases titlane Internasjonal meister i sjakk i 1950 og Stormeister i sjakk i 1952.

Eliskases hadde mange gode resultat i sterke sjakkturneringar. Mellom anna førsteplass eller delt førsteplass i Budapest (1934) (i den ungarske mesterskapen), Linz (1934), Zürich (1935), Milan (1937), Noordwijk (1938) (kanskje det beste resultat, her vann han mot både Euwe og Keres), Krefeld (1938), Bad Harzburg (1939), Bad Elster (1939), Wien (1939), São Paulo (1941), São Paulo (1947), Mar del Plata (1948), Punta del Este (1951) og Córdoba (1959). Eliskases sin siger i Noordwijk var starten på ein serie på 8 påfølgjande turneringa utan eit einaste tap.

Eliskases vann tvikampar mot Efim Bogoljubov i 1939, og tre gongar mot Rudolf Spielmann, i 1932, 1936 og 1937.

Mot slutten av 1930-åra blei Eliskases, saman med Keres og Capablanca, sett på som dei viktigaste utfordrarane til dåverande verdsmeister i sjakk Alexander Alekhine. Alekhine tok sjølv til orde for ein tittelkamp mot Eliskases - han kjende Eliskases frå då Eliskases gjorde ein god innsats som sekundant for han i VM-kampen mot Max Euwe i 1937.

Kjende sjakkpartiEndra

BakgrunnsstoffEndra