Milano

kommune i Italia
(Omdirigert frå Milan)

Milano (it. Milano [miˈlano], lokal lombardisk dialekt (milanesisk): Milan [miˈlɑ̃ː], som òg vert nytta på fleire andre språk) er ein by i Nord-Italia og hovudstad i både regionen Lombardia og provinsen Milano. Kommunen har 1,3 millionar innbyggjarar, medan det samanhengande byområdet har nesten 3,9 mill. Storbyområdet rundt Milano har 7,4 millionar innbyggjarar, det meste i Italia.

Milano
Katedralen i Milano («Duomo di Milano»).
Katedralen i Milano («Duomo di Milano»).
Katedralen i Milano («Duomo di Milano»).
Flagget til Milano
Flagget til Milano


Plassering
Milano is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Milano
Grunnlagd Om lag 600 fvt.
Borgarmeister Giuliano Pisapia
Geografi
Flatevidd
 - By

182 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

1 303 437
  7159/km²
3 884 481
7 400 000
Koordinatar 45°28′″N 09°10′″EKoordinatar: 45°28′″N 09°10′″E
Høgd over havet +120 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 20100, 20121-20162
Telefon-retningsnummer 02
Nettstad: www.comune.milano.it

Milano vert rekna som ein av motehovudstadane i verda[2]. VByen er kjend for dei mange motehusa og butikkane (som langs via Montenapoleone) og Galleria Vittorio Emanuele i Piazza Duomo (som ein hevdar er det eldste kjøpesenteret i verda). Byen var vertsby for Verdsutstillinga i 1906 og har søkt om å få vere vertskap i 2015.

Elva Olona renn gjennom Milano.

Historie endre

Ein går ut frå at Milano vart grunnlagt av keltarane i Nord-Italia omkring år 600 fvt., og rundt 222 fvt. underlagt romarane, som gav byen namnet Mediolanum. I det fjerde hundreåret etter vår tidsrekning var byen hovudstad i Vest-Romarriket ei kort tid.

Etter den austgotiske og lombardiske perioden fekk byen på nytt betydning i det 11. hundreåret og leidde uavhengigheitskampen til dei nord-italienske byane mot det tysk-romerske riket. Milano var ein av få byar i Europa som ikkje vart ramma av Svartedauen. I renessansen vart Milano styrt av dei rike familiane Visconti og Sforza, som hadde kunstnarar som Leonardo da Vinci og Donato Bramante i teneste for seg. Etter å ha forsøkt å leggje under seg resten av Nord-Italia i det 15. hundreåret, vart Milano erobra av Frankrike, og deretter av Spania, i tidleg i det 16. hundreåret. På 1700-talet kom Milano under Austerrike.

Napoleon erobra byen i 1796, og gjorde Milano til hovudstad for Den cisalpinske republikken. Etter Napoleon sitt nederlag, gav Wienerkongressen i 1815 Milano og heile Lombardia igjen til Austerrike. Den austerrikske feltmarskalken Radetzky slo kraftig ned femdagarsopprøret i 1848.

Etter Austerrike sitt nederlag mot Sardinia-Piemonte og Frankrike sine styrkar ved Slaget ved Solferino, hamna Lombardia og Milano huset Sardinia-Piemonte under Viktor Emmanuel II i 1859.

Etter første verdskrigen vart Fasci di combattimento (Squadristi) («fascistane») grunnlagt i Milano i 1919. I 1922 la Benito Mussolini ut frå Milano på marsjen sin mot Roma.

Under andre verdskrigen vart Milano sterkt øydelagt av alliert bombing. Byen er derfor i dag svært moderne og framstår som lite italiensk i utsjånaden.

Anna endre

Milano er heimbyen til to store fotballag, AC Milan og Inter Milan.

Byen er hovudkvarter for fleire større motebedrifter.

Kjelder endre

  1. http://demo.istat.it/bilmens2006/index.html- ISTAT demographics
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. juni 2007, henta 28. desember 2007 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Milano