Erik Herbert Palmén (31. august 189819. mars 1985) var ein finsk meteorolog. Han jobba i lag med Vilhelm Bjerknes og var ein del av Bergensskulen i meteorologi, som skapte teorien bak syklonar og vêrfrontar. Palmén var ein av meteorologane som var med på å forklare dynamikken i jetstraumar ved University of Chicago (i lag med mellom anna Carl-Gustaf Rossby). Han gjorde òg mykje grunnleggande arbeid med datainnsamling frå radiosondar, og kvalitetssjekka fleire datasett som vart mykje brukt av andre forskarar. Palmén skreiv artiklar innan fleire fagfelt knytte til meteorologi, som geofysikk og oseanografi. Boka, «Atomspheric Circulation Systems: Their Structure and Interpretation» frå 1969, som han skreiv i lag med Chester W. Newton, vert framleis brukt av mange universitet rundt om i verda i dag.

Erik Palmén

Statsborgarskap Finland
Fødd 31. august 1898
Vasa
Død

19. mars 1985 (86 år)
Helsingfors

Yrke meteorolog, fysikar
Språk finsk, svensk, engelsk, tysk
Medlem av Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Erik Palmén på Commons

Palmen var direktør for Det finske havforskingsinstituttet, professor ved Helsingfors universitet og medlem av Det finske vitskapsakademiet.