Erik Tysse
Erik Tysse (fødd 4. desember 1980) er ein norsk kappgjengar. Han har vunne 25 NM-gull og motteke 6 kongepokalar. I 2006- og 2007-sesongen var han mellom dei ti fremste i dei store internasjonale meisterskapane. Den beste internasjonale plasseringa hans er femteplassen på 50 km under VM i friidrett i Osaka i 2007. I 2007 sesongen vart Tysse og nummer to samanlagt i IAAF Race Walking Challenge. I 2010 vart han teken for doping og utestengt frå idretten i to år.[1]
Erik Tysse | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. desember 1980 (44 år) Bergen |
Idrett | friidrett, kappgang |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Tysse er yngre bror til Kjersti Tysse Plätzer og han vert trena av svogeren sin, Stephan Plätzer. Han tevlar for Norna-Salhus og bur på Søfteland.
Dopingsak
endreDen 20. juli 2010 blei det kjent at Erik Tysse hadde gjeve positiv dopingprøve på stoffet CERA, eit tredjegenerasjons EPO-stoff. Prøven var teken av Det internasjonale friidrettsforbundet under ei tevling i San Giovanni i Italia 1. mai 2010.[1] Domsutvalet i Norges idrettsforbund fann han skuldig og gav han to års utestenging frå idretten. Sjølv hevda Erik Tysse at han ikkje hadde brukt preparatet[2], og anka saka til den internasjonale skiljedomstolen for idretten (CAS).[1] Der vart alle ankepunkt Tysse og ekspertane hans hadde fullstendig attendevist og dei vann ikkje fram på noko punkt.[3] Dommen på to års utestenging var rettskraftig.[1] Utestengingstida tok slutt den 7. juli 2012.[4] Dette var akkurat i tide til at kappgjengarmiljøet på Os/skyldfolka hans vann å arrangere ei uttakigstevling slik at han kunne nå å oppfylle kravet til uttak til OL i London. Fyrste dagen han hadde lov til å delta i tevlingar att, 8. juli, kvalifiserte Erik Tysse seg til OL. Olympiatoppen tok han så ut til OL i London, men denne avgjerda var omstridt.[5] Tysse deltok her på 20 kilometer kappgang, og enda på ein 14. plass.[6]
Plasseringar
endreÅr | Tevling | Stad | Plassering | Distanse |
---|---|---|---|---|
2002 | EM | München, Tyskland | 17 | 20 km |
2003 | VM | Paris, Frankrike | 19 | 20 km |
2005 | VM | Helsingfors, Finland | 13 | 20 km |
2006 | World Race Walking Cup | La Coruña, Spania | 9 | 20 km |
EM | Göteborg, Sverige | 7 | 20 km | |
2007 | VM | Osaka, Japan | 8 | 20 km |
5 | 50 km |
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Kristian Hallandvik Langenes og Siri Kleven Strøm (8. juli 2012). ««Tysse klarte OL-kravet»». nrk.no.
- ↑ Norges Fri-idrettsforbund (20. juli 2010). «Positiv dopingprøve av Erik Tysse». Henta 20. juli 2010.
- ↑ ««CAS 2011/A/2353 Erik Tysse v. Norwegian Athletics Federation & International Association of Athletics Federations»» (PDF). CAS. 29. august 2011.
- ↑ Aftenposten, 07.07.12: Erik Tysse forberedt på blandet mottakelse
- ↑ Nrk.no: Tysse og Vukicevic fikk OL-billetter
- ↑ Resultatliste frå Sports-reference.com, arkivert frå originalen 18. februar 2014, henta 23. august 2012
Bakgrunnsstoff
endre- CAS 2011/A/2353 Erik Tysse v. Norwegian Athletics Federation & International Association of Athletics Federations Arkivert 2014-03-31 ved Wayback Machine. - Domspapir frå CAS i dopingsaka