Erika Fatland (fødd 27. august 1983) er ein norsk forfattar og sosialantropolog fødd i Haugesund. Ho er særleg kjend for reiseskildringar frå land i den russiske kultursfæren.

Erika Fatland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1983 (40 år)
Haugesund kommune
Yrke skribent, reiseforfattar, antropolog
Ektefelle Erik Fosnes Hansen

Bakgrunn og virke

endre

Fatland vaks opp i Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland. I gymnastida si heldt ho til i Lyon og Helsingfors og heldt fram med universitetsstudium ved Københavns Universitet og Universitetet i Oslo, der ho fullførte mastergrad i sosialantropologi i 2008. Feltarbeidet som låg til grunn for mastergraden, vart gjort i Beslan i Nord-Ossetia i 2007, der ho intervjua informantar som var råka av gisseldramaet ved Skule nr. 1 i 2004; etterlatne, pårørande, overlevande, lærarar og styresmaktspersonar. I 2008-2009 var Fatland stipendiat ved Norsk utanrikspolitisk institutt.

I 2009 debuterte Fatland med barneboka Foreldrekrigen, ei humoristisk bok om skilsmisse.

I 2010 vende Fatland attende til Beslan for å arbeide vidare med stoffet frå feltarbeidet, i det føremålet å utvide det til ein reportasjebok. I tillegg til nye samtalar med informantane frå tidlegare, reiste ho denne gongen friare omkring, òg i naborepublikkane, og ettergjekk nokre av fotspora til terroristane. I Moskva og St. Petersburg intervjua Fatland granskarar av åtaket, såvel som folk frå den offisielle undersøkingskommisjonen som uavhengige om dei tre dagane gisseldramaet varte og storminga av skulen, der minst 333 menneske, blant dei 186 barn, miste livet. Boka Englebyen. Fortellinger fra Beslan vart gjeven ut i byrjinga av august 2011. Utanlandsrettane er selt til Danmark, Sverige, Nederland og Tyskland. Boka vart nominert til Brageprisen i klassen sakprosa.

Hausten 2012 gav Fatland ut boka Året utan sommer, ei bok om terroråtaka i Noreg i 2011. Boka er vorten seld til og er utkomen i fleire land, bl.a. Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland.

Hausten 2014 kom boka Sovjetistan ut, ei reiseskildring frå dei postsovjetiske statane i Sentral-Asia med namn som sluttar på -stan. For denne boka fekk Fatland Bokhandelens fagbokpris i 2015. Sovjetistan er så langt seld til 21 land. I 2016 vart ho tildelt Wesselprisen.[1]

I 2017 kom Grensen : en reise rundt Russland : gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge og dessuten Nordøstpassasjen.[2] Denne boka vart omsett til færøysk i 2019, som var det 12. språket boka vart omsett til.[3][4] I 2020 gav Fatland ut boka Høyt - En reise i Himalaya, ei reiseskildring basert på to reiser gjennom land og område i fjellkjeda: Nepal, Xinjiang, Tibet, Pakistan og India som ho hadde utført i 2018 og 2019 på til saman åtte månader.[5][6]

Fatland er gift med forfattaren Erik Fosnes Hansen, og paret er busett i Oslo.

Bibliografi

endre
  • Foreldrekrigen, Cappelen Damm 7. oktober 2009. ISBN 9788202296261. Illustrert av Per Dybvig.
  • Englebyen, Cappelen Damm 11. juli 2011. ISBN 9788202347888.
  • Året uten sommer, Kagge Forlag, 2012.
  • Sovjetistan. En reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan, Kagge Forlag, 2014.
  • Vinterkrigen. Cappelen Damm 2017. Illustrert av Marius Renberg.
  • Grensen - en reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge samt Nordøstpassasjen Kagge 2017 ISBN 9788248921059
  • Høyt - En reise i Himalaya Kagge 2020 ISBN 9788248926146

Kjelder

endre
  1. «Wesselprisen til Aftenposten-anmelder», side 3, kulturseksjonen Aftenposten 13. oktober 2016
  2. Camilla Helen Heiervang: Russland er en bøllestat - Intervju i Aftenposten/Lørdag 15. februar 2020
  3. «Georgia er spennandi, meðan Norðurkorea er ræðandi», Kringvarp Føroya (på færøysk), henta 15. november 2021 
  4. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. oktober 2019. Henta 24. oktober 2019. 
  5. Smilden, Jan-Erik (1. oktober 2020). «Anmeldelse: Erika Fatland «Høyt - En reise i Himalaya» - Et nytt toppnivå» (på norsk). Henta 1. oktober 2020. 
  6. «Erika Fatland på nye høgder» (på norsk bokmål). 30. september 2020. Henta 1. oktober 2020.