Erling Bühring-Dehli

norsk politikar

Erling Bühring-Dehli (11. september 188713. desember 1957) var ein norsk pressemann og politikar, fødd i Furnes i Hedmark. Han representerte partiet HøgreStortinget i tida 1928-33.

Erling Bühring-Dehli
Fødd11. august 1887
Furnes
Død13. desember 1957 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Erling Dehli, som han opphavleg heitte, var son til gardbrukarar. Han tok examen artium ved Hamar katedralskole i 1905 og vart cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1909. Dei neste åra arbeidde han som journalist i, eller for, avisene Dagsposten i Trondheim, Morgenavisen i Bergen og Aftenposten i Oslo. I 1912 vart han redaktør i Oplandenes avis på Hamar, ei avis som i 1916 vart slått saman med Hamar Stiftstidende. Bühring-Dehli var redaktør for den samanslåtte avisa til 1932. Sidan 1934 var han redaktør i vekebladet Allers Familie-Journal til 1952. Under andre verdskrigen vart han arrestert og sat fengsla på Møllergata 19 og Grini fangeleir fram til 1943. Han vart då sparka frå redaktørjobben av okkupasjonsmakta, men han fekk den tilbake etter frigjeringa i 1945.

Perioden 1925-28 var Bühring-Dehli medlem i Hamar bystyre. Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Hedmark og Oppland fylke, attvald frå same valkrinsen i 1930. I den fyrste treårsbolken, 1928-30, var han medlem i Lønningskomiteen, medan han i 1931-33 hadde plass i Administrasjonskomiteen.

Bühring-Dehli var elles formann i Hamar Høgre, Hamar Riksmålsforening, Hamar og Oplands Kunstforening, Oplandenes Presseforening og styremedlem 1922-32 i Norsk Telegrambyrå.

Kjelder endre