Erling Fløtten
Erling Fløtten (20. november 1937–28. oktober 2010) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.
Erling Fløtten | |||
Fødd | 20. november 1937 Kirkenes | ||
---|---|---|---|
Død | 28. oktober 2010 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, lektor | ||
Alle verv |
Erling Fløtten vart fødd i Kirkenes. Han var fylkesordførar i Finnmark mellom 1987 og 1995. Deretter var han regionaldirektør for NHO si Finnmarksavdeling, til han gjekk av med pensjon i 2007. Som fylkesordførar skreiv han under på den første samarbeidsavtalen mellom Finnmark og Murmansk Oblast i 1988.[1]
I 2009 melde Fløtten seg ut av Arbeidarpartiet, etter at han ikkje vart attvald i styret for Finnmarkseiendommen (FeFo).[2]
Fløtten var også sjakkspelar i Vadsø Sjakklubb, og var president i Norges Sjakkforbund 1997-1998. I den tredje runda i Verdsmeisterskapen i sjakk for seniorar i 2010 i Arco i Italia, fall Fløtten om ved sjakkbordet, og trass i at lege kom raskt til, stod livet ikkje til å redde.[3]
Kjelder
endre- ↑ Lieungh, Erik (29. oktober 2010). «Erling Fløtten er død». NRK. Henta 30. oktober 2010.
- ↑ Jordal, Ingerid (26. mars 2009). «Aldri mer politikk». Finnmarken. Henta 30. oktober 2010.
- ↑ Valaker, Ole (30. oktober 2010). «Nordmann døde under sjakk-VM». Nettavisen. Arkivert frå originalen 1. november 2010. Henta 30. oktober 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Erling Fløtten» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2011.