Ernst Kummer

tysk matematikar

Ernst Eduard Kummer (29. januar 181014. mai 1893) var ein tysk matematikar.

Ernst Kummer

Fødd29. januar 1810
Żary
Død14. mai 1893
Berlin
NasjonalitetKongedømet Preussen, Det tyske keisardømet
Områdetalteori, matematikk, bruksmatematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Wrocław
Technische Universität Berlin
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
DoktorgradsrettleiarHeinrich Ferdinand Scherk
BarnMarie Elisabeth Kummer
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh

Han tok doktorgraden i 1831 og vart professor i Breslau frå 1842 og i Berlin frå 1855. Kummer er særleg kjend for læra si om ideale tal, som dannar grunnlaget for den algebraiske talteorien. Det lukkast han å bevise Fermats sats for mange eksponentar, og for desse arbeida vart han tildelt den store prisen til Det franske vitskapsakademiet i 1857. Kummer interesserte seg òg for analyse i tillegg til bruksfysikk og geometri. Mellom anna er ei viktig fjerdegradsflate som han konstruerte, Kummer-flate, kalla opp etter han. Han skreiv mellom anna fleire fysiske arbeid om refraksjon og ballistikk.

Kjelder endre