Ernst Weimann (5. august 1906–) var ein tysk jurist som var Sipo-kommandør i Bergen frå 1944 til 1945.

Ernst Weimann
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. august 1906
Død
Yrke jurist
Språk tysk

Weimann var fødd i Plettenberg, og var jurist med doktorgrad frå Erlangen i 1930. Han tenestegjorde som dommar ved ulike domstolar i Tyskland frå 1930 til oktober 1935, då han vart pressereferent i Gestapo. I mars 1938 vart han overført til Wien som Regierungsrat og SS Untersturmführer. I juni 1938 kom han til Klagenfurt som Dienststellenleiter og Sturmbannführer. Han var stasjonert i Trieste frå september 1943 til han kom til Bergen i juli 1944 som leiar for det tyske Sipo. Han hadde tittel Obersturmbannführer og Oberregierungsrat, og sat i stillingen til kapitulasjonen.

Han vart dømd til døden i Gulating lagmannsrett 13. september 1946 etter lov nr. 3 av 6. juli 1945 som ansvarleg for tortur og drap. I dommen står det at han ikkje personleg hadde utført mishandling.

Ved dom i Høgsterett fekk han straffa omgjort til tvangsarbeid på livstid. Han vart benåda ved kongeleg resolusjon 16. oktober 1953, og utvist frå Noreg 23. oktober same år. Uttransporteringa skjedde 31. oktober 1953.

Weimann vart seinare knytt til Gehlenorganisasjonen, som var finansiert av CIA til 1956, og som deretter var eit viktig element i dei hemmelege tenestene i Vest-Tyskland.