Eroica Peninsula er ei isdekt halvøy som ligg nord for Beethoven Peninsula og Mendelssohnfjorden vest i Aleksanderøya i Antarktis. Enden av halvøya er Kosar Point, heilt vest på halvøya. Ho vart kartlagd frå trimetrogonfotografi teken under Ronne Antarctic Research Expedition, 1947–48, og frå kartlegging av Falkland Islands Dependencies Survey, 1948–50. Ho vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Eroica-symfonien til Beethoven, i samband med Beethoven Peninsula.[1] Eroica Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Eroica Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°11′S 72°30′W / 71.183°S 72.500°W / -71.183; -72.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Eroica Peninsula
71°11′00″S 72°30′00″W / 71.1833°S 72.5°W / -71.1833; -72.5
Eroica Peninsula is located in Antarktis
Eroica Peninsula (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Eroica Peninsula». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 6. januar 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eroica Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).