Espírito Santo er ein delstat i Brasil. Han grensar mot delstatane Bahia, Minas Gerais og Rio de Janeiro. Delstadshovudstaden er Vitória.

Espírito Santo
delstat
View of Morro do Moreno.jpg
flagg
våpen
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Hovudstad Vitória
Areal 48 184 km²
Folketal 3 408 365 (2005)
Brazil State EspiritoSanto.svg
Wikimedia Commons: Espírito Santo
Nettstad: http://www.es.gov.br/
Canaãdalen i Espírito Santo.
Terceira-brua mellom Vila Velha og Vitória.

HistorieEndra

Dei opphavlege folkegruppene i Espírito Santo var tupiniquim-, temininó-, aymoré, purí- og botocudofolk. Dei fleste av desse blei etterkvart absorberte i den brasilianske blandingskulturen.

Europeisk busetjing i området byrja 23. mai 1535 då Vasco Fernandes Coutinho steig i land her med portugisiske kolonistar. Dette var oktaven etter pinse, og området fekk namnet «Espírito Santo» etter den heilage anden. Coutinho grunnla kystbyan Vila Velha, som i dag er den største byen i delstaten, og Vitória, som no er hovudstaden. Vitória fekk namnet sitt ('siger') etter sigrar mot urfolket som kjempa mot kolonistane.

Distriktet Espírito Santo blei ein provins i 1821 og ein delstat i 1889, då Brasil blei ein republikk. Delstaten fekk si noverande utforming i 1963, då grensa mot Minas Gerais blei fastlagd.

ØkonomiEndra

Busetjinga i delstaten er størst langs kysten. Opphavleg dyrka ein sukkerrøyr her. Først på 1800-talet byrja ein å omdanna innlandet med kaffidyrking. Frå 1900-talet dyrka ein også kakao. Delstaten har stor papirproduksjon. I nyare tid har ein også byrja produksjon av jern, stål, granitt og tropisk frukt her.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Espírito Santo
  Denne geografiartikkelen som har med Brasil å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.