Espen Bjervig (fødd 30. juni 1972) er ein norsk idrettsleiar og tidlegare langrennsløpar som tevla på norsk toppnivå i perioden frå 1995 til 2004. Han var med på det norske stafettlaget som vann sølv på 4 x 10 kilometer stafett under Ski-VM 1999 i Ramsau i Austerrike.

Espen Bjervig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1972 (51 år)
Noreg
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1999

Aktiv skirennar endre

Bjervig debuterte i verdscupen på femmila i Holmenkollen i 1995. I dei få tevlingane han deltok i fram til 1998-sesongen hamna han alltid langt nede på resultatlista. Sesongen 1998/99 var han i sitt livs form, og vann sin einaste siger i verdenscupen då han gjekk til topps på 15 km klassisk i januar 1999 i Otepää i Estland. Bjervig deltok same sesongen i sitt einaste internasjonale meisterskap, VM 1999. Han gjekk då fyrsteetappen på det norske stafettlaget som tok sølv etter å ha tapt innspurten mot Austerrike. Hans beste individuelle resultat i meisterskapet var ein åttandeplass på 10 km klassisk.

I verdscupen stod Bjervig på pallen fem gongar; 1-3-1. Alle pallplasseringane kom i 1999 og i 2000-sesongane. Desse to sesongane høyrde han med i verdseliten i langrenn.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn endre

  • 1999: Sølvmedalje på VM-stafetten i Ramsau. Siger på 15 km i verdscupen i Otepää
  • 1999/2000: Nr 2 på 30 km i verdscupen i Davos
  • 2000/1: Nr 11 på 15 km på Beitostølen
  • 2001/2: Nr 6 på 10 km i Cogne

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Idrettsleiar endre

Bjervig har vore tilsett i Norges Skiforbund i mange år, frå 2019 er han landslagsjef for langrenn.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre