Espen Borge (fødd 8. september 1961) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter. I 1987 forbetra han den norske rekorden på 3 000 meter hinder, ein nasjonal rekord som vart ståande i åtte år. Han var medlem av IF Hellas, frå 1986 representerte han IK Tjalve.

Espen Borge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1961 (62 år)
Idrett friidrett

Borge høyrde til noregstoppen på mellomdistansane i ein tiårsperiode frå 1982, særleg utmerkte han seg med sin spurtstyrke på 1500 meter. I 1986 prøvde han seg på 3 000 meter hinder. Året etter, under eit stemne i nederlandske Hengelo den 19. juli, sletta han den tretten år gamle noregsrekorden til Knut Kvalheim på 3 000 meter hinder. Borge vart femtemann i eit felt med sterke løpar og flytta landsrekorden frå 8.25,2 til 8.23,11. I juni 1995 forbetra Jim Svenøy noregsrekorden i øvinga til 8.21,4.

Personlege rekordar endre

  • 800 meter : 1.47,41 (1984)
  • 1500 meter: 3.38,74 (1987)
  • 3 000 meter hinder: 8.23,11 (1987)

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje på 1500 m
  • 1984 i Øvre Årdal: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m
  • 1986 i Sandnes: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m
  • 1987 i Nesbyen: Gullmedalje på 1500 m
  • 1988Byrkjelo: Gullmedalje på 1500 m, sølv på 3000 m hinder
  • 1990 i Moss: Bronsemedalje på 3000 m hinder
  • 1991 i Fana: Gullmedalje på 1500 m
  • Gull 1991 og 1992 i 3 km terrengløp, sølv 1989 i 10 km terrengløp

Kjelder endre