Opna hovudmenyen

Espen Skjønberg

norsk skodespelar

FamilieEndra

Foreldra hans var skodespelarparet Henny og Eugen Skjønberg. Han er bror av Per og Pål Skjønberg, sistnemnde er skodespelar og regissør. Espen Skjønberg har vore gift to gonger, andre gongen var med skodespelaren Mona Hofland frå 1959 til ho døydde i 2010. Sonen hans frå fyrste ekteskap er skodespelar og regissør Jo Skjønberg.

TeaterEndra

Espen Skjønberg har vore tilknytt fleire norske teater, mellom anna Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Våren 2007 gjesta han igjen Nationaltheatret i rolla som Vladimir i suksessen Vente på Godot, som var inne i sin fjerde sesong ved teatret. Våren 2008 spelte han domaren i Henrik IV på Det Norske Teatret. I åra 2001–2004 turnerte han landet rundt med monologen «Grand Old Man» (skrive av Lars Saabye Christensen og regi Per Olav Sørensen) og vart hylla av publikum og kritikarane. Skjønberg var aktiv på Nationaltheatrets scene hausten 2012 i Kardemomme by som Tobias i tårnet.

Film og fjernsynEndra

Skjønberg filmdebuterte allereie som 13-åring i 1937. Han har hatt mange filmroller, mellom anna i filmane Secondløitnanten, O'Horten og En håndfull tid. Han har også hatt roller i mange tv-seriar, mellom anna sentrale roller i Familiesagaen De syv søstre og Berlinerpoplene. Han har medverka i førjulsseriane Jul på Månetoppen og Jul i Blåfjell.

FilmografiEndra

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. «Hva annet skulle jeg gjøre enn å arbeide?», artikkel i seksjon 2, side 24 i Aftenposten, 26. august 2014

BakgrunnsstoffEndra