Espeværringen er eit spor i bakken på Espevær i Bømlo kommune forma som ei usymmetrisk lukka kurve. Sporet er om lag 40 centimeter breitt og 63 meter langt i omkrins og vart første gong oppdaga i 1975. Ringen liknar på ein soppring, men undersøkingar på staden har avkrefta soppvekst som ei mogleg forklaring og det finst heller ikkje så langt nokon annan kjent pålitande forklaring på fenomenet.

Kjelder endre