Opna hovudmenyen
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Espevær».
Espevær
Espevær hamneområde
Espevær hamneområde
Geografi
Norway - Espevær.png
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°35′23″N 05°08′51″EKoordinatar: 59°35′23″N 05°08′51″E

Høgaste punkt Hesthaugen (48 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Espevær er eit fiskevær i Bømlo herad, på ei øy på om lag 1 km² lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sør for Hespriholmen. Espevær har gardsnummer 46 i Bømlo kommune.

Espevær vart bygt opp på grunnlag av det rike sildefisket som gjekk føre seg i 1850-åra.[1] Difor vart det fiskarane, skipperane og handelsmennene som prega kulturen i det som med tida vart eit velorganisert lokalsamfunn med gode kontaktar både sørover til Haugesund og over til Dei britiske øyane.

I 1753 vart det fastsett forbod mot at fersk vårsild vart ført lenger enn seks mil frå fangsfeltet, og all silda måtte då saltast i nærleiken av fiskeplassane. Frå ikring 1870 vart det slutt på innsig av vårsild til dette kystområdet, men silda kom att i åra 1808-1810, og kom årvisst i store stimar fram til 1870. Espevær og Bømlalandet elles, låg midt i innsiget av gytemoden sild, og mange av dei fleire tusen mann frå heile Vestlandet som då kom for å take del i fisket, var innljoserte på Espevær. Fiskarane leverte fangsta rett inn på dei store saltebuene, som det vart bygde tretti av i Espevær i åra mellom 1820 og 1860, og med kjøpmenn i Bergen og Stavanger som eigarar av dei fleste. I kvar saltebu kunne det vere tjue til tretti ganejenter, og det var sjauarar, og ikkje minst viktig, bøkkarar som lagde sildetønner i store mengder. Den eldste handelsstaden låg ved Biekronå.

Namnet Espevær kjem av norrønt espi, ospeskog, og vær, fiskevær [2].

EspeværringenEndra

Espevær er i somme krinsar kjend for Espeværringen, eit såkalla mystisk merkje på ein bakke, som har vore kalla ein UFO-ring. Denne ovale sirkelen i graset er 26 meter lang, fjorten meter brei og 63 meter i omkrins. Ringen vart fyrst oppdaga 7. oktober 1975.

FotnotarEndra

  1. Nils Georg Brekke (redaktør),Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993/2009, Nord 4, Hordaland fylkeskommune, side 204, ISBN 978-82-7326-102-1
  2. Jørn Sandnes & Ola Stemshaug (redaktørar) Norsk stadnamnleksikon, Oslo 2007, Det Norske Samlaget, side 137, ISBN 978-82-521-4905-0