Elva Etna

(Omdirigert frå Etna (elv))

Etna er ei elv i Nord-Aurdal, Etnedal og Nordre Land kommunar i Innlandet. Ho kjem ut frå Etnsenn og Røssjøen i Nord-Aurdal, og Steinsetfjorden, nord i Etnedal, og renn søraustover til ho når Bruflat og dreier austover. Etter nokre fall er ho ute i den flate dalbotn i vestlege område av Nordre Land og flyt relativt stille til ho når Randsfjorden.

Elva Etna
elv
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Nord-Aurdal, Etnedal, Nordre Land
Kart
Elva Etna
60°47′55″N 10°08′30″E / 60.798655°N 10.141726°E / 60.798655; 10.141726
Wikimedia Commons: Etna river

Ved utløpet i Randsfjorden dannar ho eit delta som er verna naturreservat.[1]

Etna litt nord for helleristingane ved Møllerstufossen.

Elva passerer to markante bruer på vegen, Lunde bro og Høljarast bro. Den første er den lengste steinkvelvsbrua i Nord-Europa og ved den siste er det reist eit krigsminnesmerke for kampar under den andre verdskrigen. Det er òg fleire andre minnesmerke langs elva.

Ved Møllerstufossen er det helleristingar.

Etna er verna med omsyn til Verneplan IV for vassdrag.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.