Hinnebegerfamilien

Hinnebegerfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Hinnebegerfamilien Plumbaginaceae
Juss., 1789

Hinnebegerfamilien eller fjørekollfamilien (Plumbaginaceae) er ein plantefamilie i nellikordenen.

Artane i familien er som regel fleirårige urter, men kan òg vera buskar eller lianar. Blada sit grunnstilt eller spreitt. Dei er enkle med heil eller fliket bladrand. Akselblad manglar. Oppbygginga av blomestandane varierer mykje. Blomane er tvikjønna, femtalige, aktinomorfe, undersitjande og ofte distyle. Pollineringa blir utført av insekt. Begeret er hinneaktig og sit igjen på frukta. Kronblada er vakse saman, men nokre gongar berre ved basis. Frukta er ein kapsel med eitt frø.

Desse plantane veks ofte på salthaldig jord i område med steppe eller halvørken og på havstrender. Saltoverskotet blir skilt ut i kjertlar på blada. Familien er kosmopolitisk utbreidd frå Arktis til tropane, men dei fleste artane finst i områda frå middelhavslanda til Sentral-Asia. I Noreg veks fire artar naturleg: fjørekoll, sibirkoll, strandrisp og marrisp.

Nokre artar i slektene Ceratostigma, Plumbago, Armeria og Limonium blir dyrka som prydplantar, men elles har familien lita økonomisk tyding.

I eldre botaniske system som Cronquist- og Takhtajan-systema var hinnebegerfamilien den einaste familien i ordenen Plumbaginales. Nokre bygningstrekk minner om nøkleblomfamilien (Primulaceae), og nokre botanikarar meinte at det kunne vera ein slektskap. Molekylærgenetiske studiar viser at hinnebegerfamilien høyrer til i nellikordenen som systergruppe til slireknefamilien, og det er ikkje nokon nær slektskap på nøkleblomfamilien, som no tilhøyrer lyngordenen.

Delgrupper endre

 
Armeria alpina
 
Ceratostigma plumbaginoides
 
Dictyolimon macrorrhabdos
 
Psylliostachys suworowii

Hinnebegerfamilien er delt i to underfamiliar med til saman 20 slekter og 836 artar. Moharrek et al. synonymiserte i 2017 åtte små slekter frå Sentral-Asia med Acantholimon:

underfamilie Plumbaginoideae Burnett – fire slektar og 36 artar
underfamilie Limonioideae Reveal – to stammar og 16 slektar
stamme Aegialitideae Peng – éi slekt
stamme Limonieae Reveal – 15 slekter med omtrent 800 artar

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre