Europameisterskapen på skeiser 1952

Europameisterskapen på skeiser 1952 vart avvikla i Östersund i Sverige helga 2. og 3. februar 1952. 26 utøvarar frå 8 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Hjalmar Andersen, Yngvar Karlsen, Ivar Martinsen og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå [[Austerrike, Finland, Italia, Nederland, Storbritannia, Sverige, Ungarn.

Tittelforsvarar Hjalmar Andersen vart europameister, over 4 tidspoeng føre nederlendaren Kees Broekman. Hjallis Andersen var bestemann både på 5000 meter og 10000 m. Lassi Parkkinen gjekk fortast av alle på 500 m og Wim van der Voort stod for bestetida på 1500 m.

Skeise-EM 1952Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Hjalmar Andersen   Noreg 196,347
  Kees Broekman   Nederland 200,440
  Kornél Pajor   Sverige 200,630
4 Lassi Parkkinen   Finland 201,067
5 Wim van der Voort   Nederland 201,197
6 Carl-Erik Asplund   Sverige 201,343
7 Ivar Martinsen   Noreg 202,187
8 Yngvar Karlsen   Noreg 202,545
9 Pentti Lammio   Finland 203,275
10 Roald Aas   Noreg 203,413

Dato: 2./3. februar 1952

KjelderEndra