Ivar Martinsen

norsk skeiseløpar

Karl Ivar Martinsen (8. desember 192024. september 2018) var ein norsk skeiseløpar frå Hamar. Han vart nummer tre både i VM 1952 og EM 1953, begge meisterskapane vart avvikla på heimebana på Hamar. Martinsen var medlem i Hamar Idrettslag.

Ivar Martinsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1920
Løten kommune
Død

24. september 2018 (97 år)
Stange kommune

Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1952 – 1500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1948 – 1500 meter herrer, Skeise-VM 1950 for menn, Skeise-VM 1952 for menn, Skeise-VM 1953 for menn, Skeise-VM 1954 for menn, Europameisterskapen på skeiser 1948, Europameisterskapen på skeiser 1952, Europameisterskapen på skeiser 1953

Karriere endre

Ivar Martinsen vart junior-noregsmeister i 1946. I OL-sesongen 1948 kneip han fjerdeplassen under noregsmeisteskapen i Drammen og deltok i EM 1948 heime på Hamar, der han etter fall på 500-meteren enda på tolvteplass. Etter ein svakare 1949-sesong vart han nummer fem i NM 1950 i Trondheim, før han kom i mål til sjetteplass ved VM 1950 i Eskilstuna.

Både i 1951 og 1952 plasserte Martinsen seg på fjerdeplassen i noregsmeisterskapen. I OL-året 1952 vart han nummer sju og nest beste nordmann då EM fann stad i Östersund, før han under vinterleikane i Oslo skreid inn til åttandeplass på 1500 meter. Ei veke etter Oslo-leikane overraska han med å sikre seg tredjeplassen under VM på heimebane, einast verdsmeister Hjalmar Andersen og finske Lassi Parkkinen skeisa fortare. Mindre enn eitt år seinare vann han ein ny bronsemedalje då EM 1953 gjekk av stabelen på heimebana Hamar, nederlendarane Kees Broekman og Wim van der Voort tok dei øvste plassane på sigerspallen.

Martinsen la opp etter 1954-sesongen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre