Europameisterskapen på skeiser 1958
Europameisterskapen på skeiser 1958 vart avvikla i Eskilstuna i Sverige helga 1. og 2. februar 1958. 36 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Knut Johannesen, Thorstein Sandholt, Torstein Seiersten, Knut Tangen og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sverige.
Tittelforsvarar Oleg Gontsjarenko frå Sovjetunionen gjekk til topps i meisterskapen, framom den einarma landsmannen Vladimir Sjilikovskij, norske Knut Johannesen kom på tredjeplass. Gontsjarenko vann 1500 meter og Johannesen var bestemann på dei to lengste distansane. På 500-meteren fekk Sovjets Boris Sjilkov og svenske Gunnar Ström same tid og delte sigeren på distansen.
Skeise-EM 1958Endra
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Oleg Gontsjarenko | Sovjetunionen | 197,585 | |
Vladimir Sjilikovskij | Sovjetunionen | 197,685 | |
Knut Johannesen | Noreg | 198,125 | |
4 | Robert Merkulov | Sovjetunionen | 198,787 |
5 | Torstein Seiersten | Noreg | 199543 |
6 | Toivo Salonen | Finland | 199,823 |
7 | Boris Sjilkov | Sovjetunionen | 200,433 |
8 | Roald Aas | Noreg | 200,770 |
9 | Knut Tangen | Noreg | 201,452 |
Dato: 1./2. februar 1958
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Europees kampioenschap schaatsen 1958» frå Wikipedia på nederlandsk, den 13. januar 2021.