Opna hovudmenyen

Even Christophersen Ulving (15. august 18633. august 1952) var ein norsk kunstmålar frå Ylvingen i Vega kommuneHelgeland. Han døydde i Åsgårdstrand, der han budde det meste av livet sitt.

Even Ulving
Fødd 15. august 1863
Ylvingen
Død

3. august 1952
Åsgårdstrand

Yrke kunstmålar

Even Ulving var son til Olava Larsdotter og båtbyggar og gardbrukar Christopher Evensen. Han var første gong gift med Antonetta Holst; etter at ho døydde, gifta han seg med Fredrikke Qvale.

18 år gammal reiste han til Kristiania for å lære seg eit handverk, og gjekk eit år i lære hos målarmeister Vilhelm von Krogh. 1883/84 var han elev av Knud Bergsliens malerskole, 1885/86 under Heinz Heim og Carl F. Smith ved kunstakademiet i München og 1887 under William Bouguereau ved Academie Julian i Paris. Han budde på Sømnesøya frå 1900 til 1913. I 1914 flytta han til Åsgårdsstrand.

Even Ulving var representert på Høstutstillingen i 1889, 1892 og 1896. Han hadde separatutstillingar m.a. ved Blomqvist 1923 og ved Håndverkerforeningen i Tønsberg 1937. Even Ulving vart den mest framtredande av kunstmålarane frå Helgeland. Han er m.a. representert ved Slottet og ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Han måla naturalistiske motiv, ofte frå Helgeland eller frå Vestfold. Ved Nasjonalmuseet heng eit bilete han har måla av Knut Hamsuns dotter Victoria. Han har òg måla mange altartavler.

Kjelder:Endra

Hans B. Krogh: «Kunstneren Even Ulving» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1