Eyvind Alnæs
norsk musikar og komponist
Eyvind Alnæs (29. april 1872–24. desember 1932) var ein norsk komponist frå Fredrikstad.
Eyvind Alnæs | |
![]() | |
Fødd | 29. april 1872 |
---|---|
Fødestad | Fredrikstad |
Død | 24. desember 1932 (60 år) |
Dødsstad | Oslo |
Opphav | Noreg |
Sjanger | symfoni |
Instrument | pipeorgel, piano, orgel |
Verka som | pianist, komponist, dirigent, korleder, akademisk musiker |
Born | Lise Børsum |
Prisar | Kongens fortenestmedalje i gull, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, St. Hallvard-medaljen |
Alnæs studerte i Oslo hjå Iver Holter, i Leipzig hjå Carl Reinecke og i Berlin. Frå 1895 til 1907 var han organist i Drammen, deretter organist og kordirigent i Oslo. Han var med på å grunnleggje Norsk Komponistforbund.
Han komponerte to symfoniar, Variations symphoniques, ein pianokonsert, pianostykkje, koralpreludium for orgel, korstykkje og songar i seinromantisk stil. Dei mest kjende er romansane De hundrede violiner og Der du gjekk fyre.