Eyvind Hellstrøm

norsk kokk, forfattar og programleiar

Eyvind Hellstrøm (fødd 2. desember 1948) er ein norsk kokk og programleiar. Han vart fyrst kjend igjennom restauranten «Bagatelle», dernest frå fjernsynsprogrammet Hellstrøm rydder opp. Hellstrøm har gjeve ut ei rekkje kokebøker.

Eyvind Hellstrøm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. desember 1948 (75 år)
Moss kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke kokk, matskribent, restauratør, programleiar
Prisar ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Gullruten for beste programleder, Ridder av Æreslegionen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden
Eyvind Hellstrøm på Commons

Karriere endre

Hellstrøm byrja som lærling ved Grand Hotell i Oslo i 16-årsalderen. I 1970 fór han på studietur til Frankrike.[1] Så yrkte han på restauranten til Hroar Dege – «Tre Kokker», og var med i Kokke-OL. Dernest tok han fleire lengre studieopphald i Sveits og Frankrike før han returnerte til Noreg i 1981.

Saman med Ole Peter Rostad tok han over serveringsstaden til Edmund Jaquet «Jaquets Bagatelle» i Bygdøy allé, han opna att med namnet «Bagatelle» i oktober 1982. Etter å ha vorte utropt til Årets kjøkkensjef i 1983, var Hellstrøm med i NRK-programmet Fjernsynskjøkkenet den 7. juni 1984. I 1984 fekk restauranten sin fyrste Michelinstjerne, vidare i 1992 oppnådde han to. Etter ei usemje med hovudeigar Christen Sveaas, sa Hellstrøm opp stillinga si desember 2009, og restauranten vart stengd i eit års tid.[2]

Fjernsyn endre

I 2008 fekk han sitt eige kokkeprogram på TV3 kalla Hellstrøm rydder opp. Programmet var ein fornorska versjon av Kitchen Nightmares med Gordon Ramsay og gjekk over fleire sesongar. Frå 2012 til 2013 leidde han det uhøgtidelege kokkeprogrammet Hellstrøm inviterer, og i 2016 leidde han Hellstrøms kjøkken (begge på TV3). I 2017 var han aktuell med Truls á la HellstrømTV 2. I denne reiseserien fór han med komikaren Truls Svendsen verda rundt i jakta på lokale gastronomiske spesialitetar. Programmet handla òg om at Hellstrøm skulle læra Svendsen å laga mat, medan Svendsen tok Hellstrøm med på ymse aktivitetar.[3]

Hellstrøm har òg vore jury i den norske versjonen av kokkeprogrammet MasterChef.

I 2012 var han med i slektsgranskingsprogrammet Hvem trur du at du er?NRK.

Prisar og utmerkingar endre

 
Eyvind Hellstrøm på tur på Bygdøy i Oslo.
  • Årets kjøkkensjef – 1983 for virket sitt ved «Bagatelle»
  • Kokke-OL i Erfurt
    • Deltakar i 1972 saman med Arvid Skogseth frå «Tre Kokker».
    • I juryen 1988
  • Bocuse d'or
    • 5. plass 1989 med «Tourte de pommes de terre et langouste en civet» og «Selle d'agneau aux herbes et julienne de légumes aux truffes fraîches» (langustar og lam)
    • i juryen sidan 1993
  • Oslo bys kunstnerpris – 1998
  • André Enghs gullnål – 1999
  • Riddar av Den nasjonale fortenstorden, Frankrikes nest høgaste orden, 2003.[4]
  • Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, 2007.[5]
  • Riddar av den franske Æreslegionen – den høgaste utmerkinga i Frankrike, tildelt for innsatsen sin for internasjonal kokkekunst, 2007.
  • Gullruten 2009. Vann som «beste mannlige programleder» (Hellstrøm rydder opp).
  • Gullruten 2019: Truls à la Hellstrøm vann prisen for beste underhaldning.[6]

Verk endre

  • Bagateller (2000).[7]
  • Eyvind Hellstrøm (2002). Enkelt og perfekt. Bagateller for alle. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2003). Gode adresser. Europa rundt med ganen som veiviser. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm og Tore Stubberud (2004). Herregårdsmat. Valdisholm forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2005). Bagateller for livsnytere. Vin og mat i magisk kombinasjon. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2006). Lutefisk, pinnekjøtt og andre bagateller. Pantagruel forlag. 
  • Anne-Kat Hærland og Eyvind Hellstrøm (2007). Inn med sølvskje. Bagatellemat gjort forståelig. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2009). Verdens beste. Med verdens beste kokker og verdens beste laks. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2009). Enkle og perfekte menyer. Pantagruel forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm og Ingrid Espelid Hovig (2010). Ingrid og Eyvinds livretter. Versal forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm, Tom Victor Gausdal og Jan Vardøen (2010). Hvordan bli en Masterchef. Press forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm (2010). Bagatelle. Hellstrøms siste måltid. Aschehoug forlag. 
  • Eyvind Hellstrøm og Jan Hellstrøm (2011). Iskremfabrikken. Brødrene Hellstrøms beste desserter. Aschehoug forlag. 
  • Eivind Hellstrøm (2012). Hellstrøm Jr. Aschehoug forlag.
  • Eyvind Hellstrøm (2013). Bare mat frå mitt kjøkken. Gursli Berg forlag.
  • Eyvind Hellstrøm og Kristin Jacobsen (2014). Duft av jul. En kjøkkenhåndbok for juletiden. Gursli Berg forlag.
  • Eyvind Hellstrøm og Truls Svendsen (2017). Truls á la Hellstrøm. Mesterkokk på 1-2-3. Kagge forlag.
  • Eivind Hellstrøm og Anita Rennan (2019). Bonjour Paris. Pilar forlag.
  • Eivind Hellstrøm og Anita Rennan (2020). Hellstrøms hemmeligheter. Kagge forlag.

Kjelder endre

  1. «Takk for maten». Dagbladet. 
  2. Harald Berglihn & Maria Henningson (5. desember 2009), «Hellstrøm ferdig på «Bagatelle» etter krangel», www.dn.no, henta 28. mars 2023 
  3. «TV-anmeldelse: Truls à la Hellstrøm smaker fantastisk». 10. oktober 2017. Henta 29. april 2018. 
  4. Valle, Viggo (8. desember 2010), «Eyvind Hellstrøm», NRK (på norsk bokmål), henta 30. mars 2023 
  5. «Utnevnelse til St. Olavs orden». Det norske kongehus. Henta 15. juni 2007. 
  6. «Eyvind Hellstrøm med stikk til makkeren: − Hjemme og leker liksom-jordmor». Verdens Gang. 12. mai 2019. Henta 28. mars 2023. 
  7. Hellstrøm, Eyvind (2000). Bagateller. Pantagruel forl. ISBN 8279000828. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eyvind Hellstrøm