Færøyingesaga
Færøyingesaga eller Sigmund Brestessons saga (norrønt Færeyinga saga, færøysk Føroyinga søga) er ei islendingesaga eller ættesaga som handlar om hendingar som fann stad på Færøyane etter at vikingane busette seg der rundt år 1000.
Handling
endreFærøyingesaga er den eldste skriftlege kjelda om færøysk historie og «bygger antagelig på færøyske sagn med historisk kjerne».[1] Sagaa vart skriven omkring 1220 på Island.[2][3] Skildringa omfattar tidsrommet frå det norske landnåmet på Færøyane i 825 ved Grímr Kamban fram til Færøyane kom under norsk krone etter innføringa av kristendomen i 999 ved Sigmundr Brestisson og Þrándr í Gøtus død i 1035.
Sagaa fylgjer livet til Sigmundr Brestisson og ferdene hans frå oppveksten på Stóra Dímun, der han vart vitne til at faren vart drepen. Sigmundr fór som barn til Noreg, der han vart fostra på Dovre. Sigmundr vart ven med Hákon jarl og fór i viking i Austersjøen. Han vende tilbake til Færøyane etter ynske frå Óláfr Tryggvason, og kristna øyane med ei blanding av makt og gode ord.
Omsetjing
endreSagaa var i brotstykke, delvis i Flateyjarbók og delvis i Den store saga om Olav Tryggvason (Bergsbók).[4] På 1800-talet vart brotstykka samla saman og gjeve ut som Færøyingesaga av oldtidsforskaren Carl Christian Rafn. Ho kom ut i 1832 i København for fyrste gong på norrønt, med færøysk og dansk omsetjing i same bok. V.U. Hammershaimb omsette sagaa å nyo til færøysk etter dei nye færøyske rettskrivningsreglane i 1884. Denne utgåva er framleis ei skulebok på Færøyane.
Utgåver
endre- (da) Færeyínga Saga: Færøboernes Historie i den islandske Grundtext med færøisk og dansk Oversættelse / gjeve ut av Carl Christian Rafn. Tórshavn: Offset-prent, Emil Thomsen, 1972. 284 s. (1832, København.)
- (fo) Føroyingasøga / útløgd úr íslandskum av V.U. Hammershaimb. Tórshavn, 1884. 137 s. (fyrste utgåve på færøysk)
- (no) Sagaen om Trond i Gata og Sigmund Brestessøn, eller Færøingernes saga / omsett av Alexander Bugge. Aschehoug, 1901
- (fo) Føringasøga / útløgd og umarbeid av nýggjum av C. Holm Isaksen. Tórshavn: 1904. 116 s.
- (no) Sigmund Brestessøns saga / omsett av Rolf Grieg. Aschehoug, 1924
- (no) Sigmund Brestessons saga / omsett av Rolf Grieg. I: Islandske ættesagaer. Bind 3 / under redaksjon av Hallvard Lie. Aschehoug, 1953.
- (no) Sigmund Brestessons saga / omsett av Rolf Grieg. I: Islandske ættesagaer. Gyldendal, 1973. (Serien Mesterverk fra verdenslitteraturen) ISBN 82-05-05636-6
- (no) Sigmund Brestessons saga / omsett av Rolf Grieg. I: Norrøn saga. Bind 5. Aschehoug, 1988. ISBN 82-03-16010-7
- (da) Færeyingasaga. Den islandske saga om færøyingene. København: Det kongelige nordiske oldskriftselskab, 1927. xix, 84 s.
- (fo) Føroyingasøga / omsett av Heðin Brú og Richard Long. Tórshavn: Skúlabókagrunnurin, 1962. 105 s.
- (da) Færinge saga / med teikningar av Sven Havsteen-Mikkelsen; omsett av Ole Jacobsen. København: Forum, 1981. 143 s. ISBN 87-553-0994-1
- (fo) Føroyinga søga / Sven Havsteen-Mikkelsen teknaði; Bjarni Niclasen týddi; Jørgen Haugan skrivaði eftirmæli. Tórshavn: Føroya skúlabókagrunnur, 1995. 148 s.
- (fo) Føroyinga søga, ljóðbók (kassettuband), lese av Høgni Joensen. Tórshavn: Ljóðbókanevndin, 2003. Færøysk ljodbok på omtrent 5 timar.
Kjelder
endre- ↑ Henriksen, Vera (1982). Skjebneveven. Grøndahl. s. 129. ISBN 8250405706.
- ↑ Vera Henriksen. Skjebneveven, om sagaens kvinner. Grøndahl, 1982. ISBN 82-504-0570-6. Side 129ff og 196.
- ↑ «Hvem forfatteren er, ved vi ikke men han maa ha bygget paa mundtlig tradition, som har levet paa Færøerne selv. Og der paa Færøerne er det vel ogsaa, sagaen i mundtlig fortælling har levet og for en stor del har faat sin faste form. Sagaskriveren maa vistnok selv ha været paa Færøerne; han er ialfald godt kjendt med naturforholdene der; den eneste feil, han gjør, er, at han forveksler Skuvø med Dimun.» Alexander Bugge i innledningen til 1901-utgaven
- ↑ Henriksen, Vera (1982). Skjebneveven. Grøndahl. s. 196. ISBN 8250405706.
- Denne artikkelen bygger på «Færøyingesaga» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Færøyinga saga (Flateyjarbók) i heimskringla.no
- (is) Færeyinga saga i Snerpa.is