Førde Idrettslag

Førde Idrettslag (ofte forkorta som FIL) er eit lokalt idrettslag i Førde kommune. Idrettslaget blei stifta i 1920. Klubben arbeider med mange ulike idrettar som til dømes fotball, handball, ski, innebandy og friidrett. Dei fleste aktivitetane til idrettslaget går føre seg i området kring Førdehuset og Førde stadion. Idrettslaget

Idrettslaget blei skipa som Førde Sports og Idretsforening i 1920, av seinare fylkesmann Nikolai Schei, han blei også den første formannen for idrettslaget. Schei leia også den første turngruppa i Førde, denne hadde framsyning allereie i 1921. I 1927 hadde idrettslaget turngrupper for både kvinner og menn med til saman 40 medlemmer. Øvingane gjekk føre seg i den gamle barneskulen i Førde.

Det første idrettsanlegget som laget bygde, var hoppbakke og skihytte i Kalsetdalen i 1924. Tidleg på 1930-talet skipa idrettslaget si eiga fotballgruppe (sjå meir nedanfor). Den store utillingsplassen på Toene like ved kyrkja, vart nytta som idrettsplass og fotballbane. I 1932 byrja arbeidet med opparbeiding av idrettsplass på Kronborg. Denne idrettsplassen stod ferdig i 1945. Laget fekk handballag for kvinner i 1946.

Førde Idrettslag har skipa eigne lokale grupper i bygdene, Angedalen har sidan 1955 hatt eiga gruppe under idrettslaget, Holsen har hatt si eiga gruppe sidan 1980. Haukedalen hadde eige idrettslag frå 1938 og fram til 1968, då dette vart slege saman med Førde Idrettslag.

Klubben si fotballgruppe, Førde Fotball har mellom anna både herre- og damelag i 2. divisjon.

Hafstad Idrettspark

endre

I Førde er det planar om eit nytt stort idrettsanlegg på Hafstad, anlegget skal etter planen romme fleire fotballbaner samt fasilitetar for fleire andre idrettar og aktivitetar.

Sommaren 2013 stod dei to nye kunstgrasbanene klare til bruk. Klubbhuset er venta ferdig i løp av 2014.

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.