1. hundreåret
< Det fyrste hundreåret > varte frå og med år 1 til og med år 100 etter den gregorianske kalenderen.
Hundreåret høyrer i europeisk historie med til antikken. Romarriket fortsette ekspansjonen og fekk under denne perioden sterkare og sterkare innflyting i Europa, Nord-Afrika og den nære austen, og i år 41 la det under seg England og Wales. Reformene som Augustus sette i gang stabiliserte Romarriket etter borgarkrigane som hadde rast i det førre hundreåret.
I Kina fortsette Han-dynastiet å dominere, berre avbrote av 14 år med Xin-dynastiet under Wang Mang. Hanstyret fekk makta att i år 23. Stigbøyelen blei truleg funnen opp her i dette hundreåret.
Religion
endreUnder styret til Tiberius vart Jesus, som dei kristne held for å vere Guds son, krossfesta i Judea. Dei fylgjande tiåra vart bodskapen hans boren vidt omkring av tilhengjarane hans. Den romerske staten starta forfylgjinga av dei kristne, noko som skulle fortsetje i fleire hundreår.
Hendingar
endre- 1: Løva vart utrydda i Vest-Europa.
- c.6: Folketeljinga til Quirinius.
- 8–23: Wang Mang hadde makta i Kina.
- 14: Den fyrste romerske keisaren, Augustus Caesar, døydde. Nevøen Tiberius tok over makta.
- 28–75: Keisar Ming frå Handynastiet hadde makta i Kina. Buddhismen nådde Kina.
- 27–36: Jesus vart krossfesta.
- Buddhistmunkar i Sri Lanka skreiv, som dei fyrste, ned læra til Buddha.
- Kaundinya, ein indisk brahmin, gifta seg med Soma og grunnla det kambodsjanske kongeriket Funan.
- Gotarane slo seg ned i Polen og forma Wielbarkkulturen.
- August 79: Pompeii og Herculaneum vart øydelagde i vulkanutbrotet til Vesuv.
- Romarriket fekk si største utstrekking, under Trajan.
Viktige personar
endre- Apollonius frå Tyana
- Akiba
- Arminius
- Boadicea
- Augustus
- Caligula
- Claudius
- Domitian
- Du Shi
- Elisha ben Abuyah
- Galba
- Germanicus
- Jesus
- Døyparen Johannes
- Josephus
- Liu Xin
- Livy
- Nero
- Nerva
- Otho
- Philo
- Plinius den eldre
- Pontius Pilatus
- Seneca
- Strabo
- Tacitus
- Tiberius
- Titus
- Trajan
- Vespasian
- Vitellius
- Wang Chong
- Wang Mang