Opna hovudmenyen
Stigbøyelen sett frå framsida (A) og frå undersida (B)
Storleiken av stigbøyelen samanlikna med ein 10-cent euromynt.

Stigbøyelen (av latin stapes «stigbøyel») er ein liten stigbøyelforma knokkel, og den inste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret hjå pattedyr, som leiar lydbølgjer til det indre øyret.[1] Han overfører vibrasjonar frå ambolten til det ovale vindauget. Stigbøyelen er den minste og lettaste namngjevne knokkelen i menneskekroppen.

StrukturEndra

Sjå òg Høyreknokkel.

Stigbøyelen er ein liten knokkel og den tredje av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Den er stigbøyelforma og er den minste knokkelen i menneskekroppen. Den kviler på det ovale vindauget og er knytt til denne av eit ringforma leddband. Golvet er retta mot det ovale vindauget, og hovudet koplar til ambolten. Dette er samanknytt av fremre og bakre lemmer (latin: crura).[2]:862 Stigbøyelen artikulerer med ambolten gjennom incudostapedialleddet.[3] Den måler om lag 3 x 2,5 mm og er noko lengre frå hovudet til golvet.[4]

UtviklingEndra

Stigbøyelen oppstår frå den andre gjellebogen gjennom sjette til åttande svangerskapsveke. Det hòle midtpartiet av stigbøyelen skuldast nærværet av ei pulsåre hjå fosteret som seinare forsvinn.[3][5]

Andre dyrEndra

Sjå òg Utvikling av høyreknoklar hjå pattedyr.

Stigbøyelen er ein av tre høyreknoklar hjå pattedyr. Hjå firbeinte virveldyr, med unntak av pattedyr, er knokkelen homolog til kolumella. Hjå reptil kan begge omgrepa brukast. Fisk har ein homolog struktur kalla hyoidbogen (hyomandibula), og er ein del av gjellebogane som støttar anten spirakelen eller kjeven, avhengig av art. Homologen hjå amfibium blir kalla pars media plectra.[3][6]:481–482

VariasjonEndra

Stigbøyelen plar å vere like stor i ulike etniske grupper.[7] Hjå 0,01—0,02 % av folkesetnaden forsvinn aldri stigbøyelarterien, og blir verande i den midtre foramen.[8] Dette gjer at ein ofte kan høyre ein pulserande lyd frå øyret, men tilstanden kan òg vere symptomlaus.[9] Stundom er stigbøyelen fullstendig fråverande.[10][11]:262

FunksjonEndra

Hovudartikkelen for dette emnet er Høyrsle.

Stigbøyelen ligg mellom ambolten og det indre øyret, og leiar lyd frå ambolten til det ovale vindauget, ei membrandekt opning i det indre øyret. Den blir stabilisert av stigbøyelmuskelen, som blir innervert av facialisnerven.[2]:861–863

Klinisk relevansEndra

Otosklerose er ein medfødd og snøgtverkande sjukdom som er kjenneteikna av abnorm beinremodellering i det indre øyret. Dette kan føre til at stigbøyelen festar seg til det ovale vindauget, slik at lydoverføringa blir dårlegare, og det kan oppstå mekanisk høyrselstap. Klinisk otosklerose oppstår i 1 % av folkesetnaden, men det vanlegast i former som ikkje har innverknad på høyrsla. Otosklerose er vanlegare hjå yngre aldersgrupper og kvinner.[12] Dei vanlegaste behandlingane er stapedektomi, kirurgisk fjerning og erstatning med ein kunstig protese, og stapedotomi, opprettinga av eit lite hòl i golvet av stigbøyelen etterfølgd av innsetjinga av ein kunstig protese.[13] :661 Kirurgiske inngrep kan kompliserast av vedvarande stigbøyelarterie, fibroserelatert skade på golvet av knokkelen eller obliterativ otosklerose, ei fullstendig utsletting av golvet.[8][11] :254–262

HistorieEndra

 
Stigbøyelen slik han blei skildra av Giovanni Filippo Ingrassia (merkt med M nedst til høgre).

Oppdaginga av stigbøyelen er ofte tilknytt professor Giovanni Filippo Ingrassia i 1546 ved University of Naples Federico II,[14] men denne påstanden er omstridd sidan Ingrassia si skildring blei publisert posthumt i skrifta In Galeni librum de ossibus doctissima et expectatissima commentaria frå 1603. Den spanske anatomen Pedro Jimeno er truleg den fyrste som skildra stigbøyelen i Dialogus de re medica (1549).[15] Knokkelen er kalla opp etter sin likskap til stigbøylar, av latin stapes. Dette er eit seinlatinsk ord som truleg oppstod i mellomalderen for å skildre det «å stå [oppreist]», sidan stigbøylar ikkje fanst i det tidlege latinske språket.[16]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Ø. Winther, Finn (13. februar 2009). «stigbøylen». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 7. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN 978-0-8089-2306-0. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Chapman, SC (1. januar 2011). «Can you hear me now? Understanding vertebrate middle ear development.». Frontiers in bioscience (Landmark edition) 16: 1675–92. 
  4. aWengen, DF; Nishihara, S; Kurokawa, H; Goode, RL (April 1995). «Measurements of the stapes superstructure.». The Annals of otology, rhinology, and laryngology 104 (4 Pt 1): 311–6. 
  5. Rodriguez-Vazquez, J. F. (August 2005). «Development of the stapes and associated structures in human embryos». Journal of Anatomy 207 (2): 165–173. 
  6. Romer, Alfred Sherwood; Parsons, Thomas S (1977). The Vertebrate Body. Philadelphia, PA: Holt-Saunders International. ISBN 0-03-910284-X. 
  7. Arensburg, B.; Harell, M.; Nathan, H. (Februar 1981). «The human middle ear ossicles: Morphometry, and taxonomic implications». Journal of Human Evolution 10 (2): 199–205. 
  8. 8,0 8,1 Mutlu, C; da Costa, SS; Paparella, MM; Schachern, PA (1998). «Clinical-histopathological correlations of pitfalls in middle ear surgery.». European archives of oto-rhino-laryngology : official journal of the European Federation of Oto-Rhino-Laryngological Societies (EUFOS) : affiliated with the German Society for Oto-Rhino-Laryngology - Head and Neck Surgery 255 (4): 189–94.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  9. Silbergleit, R; Quint, DJ; Mehta, BA; Patel, SC; Metes, JJ; Noujaim, SE (Mars 2000). «The persistent stapedial artery.». AJNR. American journal of neuroradiology 21 (3): 572–7. 
  10. REIBER, M; SCHWABER, M (Februar 1997). «Congenital absence of stapes and facial nerve dehiscence». Otolaryngology - Head and Neck Surgery 116 (2): 278–278. 
  11. 11,0 11,1 Tympanoplasty, Mastoidectomy, and Stapes Surgery. Georg Thieme Verlag. 2008. ISBN 978-1-282-86537-2. 
  12. Menger, D.J.; Tange, R.A. (April 2003). «The aetiology of otosclerosis: a review of the literature». Clinical Otolaryngology and Allied Sciences 28 (2): 112–120. 
  13. Hall, Arthur C. Guyton, John E. (2005). Textbook of medical physiology (11th ed. utg.). Philadelphia: W.B. Saunders. ISBN 978-0-7216-0240-0. 
  14. Dispenza, F; Cappello, F; Kulamarva, G; De Stefano, A (Oktober 2013). «The discovery of stapes.». Acta otorhinolaryngologica Italica : organo ufficiale della Società italiana di otorinolaringologia e chirurgia cervico-facciale 33 (5): 357–9. 
  15. Mudry, Albert (April 2013). «Disputes Surrounding the Discovery of the Stapes in the Mid 16th Century». Otology & Neurotology 34 (3): 588–592. 
  16. Harper, Douglas. «Stapes (n.)». Online Etymology Dictionary. Henta 27. desember 2013. 

BakgrunnsstoffEndra