Kvirinius

(Omdirigert frå Quirinius)

Publius Sulpicius Quirinius (ca. 51 f.Kr.-21) var ein romersk aristokrat, kjend frå Lukas-evangeliet i Det nye testamentet som Kvirinius (gresk Κυρήνιος, Kyrenios), statthaldar i Syria, då Jesus blei fødd.

Kvirinius

Kvirinius tel Maria og Josef i ei bysantinsk framstilling i Kariye Camii, frå 1300-talet.
Føddca. 45 f.Kr.
Lanuvium
Død21
Tittelromersk senator, romersk guvernør, romersk konsul
LandRomarriket
FarPublius Sulpicius Quirinus
EktefelleAppia Claudia, Aemilia Lepida

Kvirinius var fødd i Lanuvium nær Roma i ein rik familie utan politisk makt. Han tenestegjorde i Spania. Rundt 14 f.Kr. nedkjempa han Marmaridae-stammen frå Kyrenaika, kanskje medan han var guvernør for Kreta og Kyrene. I 12 f.Kr. blei han utnemnd til romersk konsul.

11–7 f. Kr. kjempa Kvirinius mot homonadane i nordre Syria og Kilikia. Etter å ha overvunne denne stammen blei han heidra med eit sigerstog, ein triumf. I år 6 f.Kr. blei han prokonsul for Pamfylia-Galatia. Han blei statthaldar av Syria og Judea i år 6, etter forvisinga av Herodes Arkelaos. Han fortsette i stillinga fram til år 12, då han drog tilbake til Roma. Her døydde han i 21, og fekk ei offentleg påkosta gravferd.

Kvirinius si folketeljing

endre

Ein av dei første oppgåvene Kvirinius fekk utført var ei folketeljing i Syria og Judea i år 6 eller 7.

Ei romersk folketeljing under Kvirinius er nemnd i Juleevangeliet etter Lukas. Matteus-evangeliet plasserer derimot fødselen under styret til den tidlegare Herodes den store, som døydde i 4 f.Kr.

Kjelder

endre