FA-cupfinalen i fotball 1965

FA-cupturneringa i fotball 1965 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 1. mai 1965. Framfor 100 000 tilskodarar vann Liverpool FC FA-pokalen ved å vinne med 2 mot 1 over Leeds United i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar.

KampenEndra

Etter 90 mållause minutt måtte ekstraomgangar til for å kåre ein vinnar. Før tre minutt då var gått, skalla Liverpool-angriparen Roger Hunt i eit innlegg i mål. Billy Bremner utlikna for Leeds sju minutt seinare. Sigersmålet kom færre enn fire minutt før full tid, Liverpool sin senterløpar Ian St John skåra med ei heading.

Liverpool sitt vinnarlag: Tommy Lawrence, Chris Lawler, Ron Yeats (kaptein), Gerry Byrne, Willie Stevenson, Geoff Strong, Peter Thompson, Roger Hunt, Ian St John, Tommy Smith og Ian Callaghan.

Leeds stilte med: Gary Sprake, Paul Reaney, Jackie Charlton, Norman Hunter, Willie Bell, Billy Bremner, Johnny Giles, Jim Storrie, Alan Peacock, Bobby Collins (kaptein) og Albert Johanneson.

William Clements var dommar.

KjelderEndra