Ian Callaghan

britisk fotballspelar

Ian Robert Callaghan (fødd 10. april 1942) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som frå 1960 til 1978 spelte for Liverpool FC. Han var med om å vinne fem ligameisterskap i tida 1964-77, FA-cupen 1965 og 1974, UEFA-cupen 1973 og 1976 og Europacupen 1977. Callaghan spelte 640 ligakampar for Liverpool, meir enn nokon annan. Han skåra 49 ligamål.

Ian Callaghan

Ian Callaghan (1966).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. april 1942 (80 år)
Toxteth
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Ian Callaghan i 2016

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Callaghan var i mange sesongar vengspelar på Liverpool, siste åra spelte han i ei offensiv midtbanerolle. Han fekk sin debut vinteren 1960 då Liverpool tevla i andredivisjon. Våren 1964 vann Liverpool ligameisterskapen, i ein sesong der Callaghan spelte alle ligakampane. To år seinare gjentok Callaghan og Liverpool prestasjonane og sikra ein ny ligatriumf. I mellomtida sigra Liverpool med 2–1 over Leeds United i FA-cupfinalen 1. mai 1965. Frå 1972 hevda Liverpool seg heilt i toppen av engelsk og europeisk fotball. Callaghan var med då klubben i 1973 vann både ligameisterskapen og UEFA-cupen, FA-cupen 1974, i 1976 så vel ligameisterskapen som UEFA-cupen, samt våren 1977 då laget vann både ligaen og europacupfinalen, den siste etter siger 3–1 over Borussia MönchengladbachStadio Olimpico i Roma.

Frå 1978 til -80 var Callaghan Swansea-spelar, var med å rykke opp frå tredjedivisjon i 1979.

LandslagsspelEndra

Callaghan spelte 4 landskampar for England, 2 sommaren 1966 og 2 hausten 1977. Han var med i VM-troppa 1996 og spelte mot Frankrike i gruppespelet. Ingen landslagsmål.

KjelderEndra