FA-cupfinalen i fotball 1971

FA-cupturneringa i fotball 1971 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 8. mai. 100 000 tilskodarar såg London-laget Arsenal FC sikre seg pokalen etter å ha vunne med 2 – 1 mot Liverpool FC etter ekstraomgangar. Det var fjerde gongen Arsenal triumferte i FA-cupen, den førre pokalsigeren fann stad i 1950. Tidlegare i veka hadde mannskapet sikra seg sigeren i ligameisterskapen.

Kampen

endre

Arsenal skapte fleire store sjansar i ordinær tid, utan å få ballen over målstreken. Liverpool tok leiinga i det andre minutt av ekstraomgangane, då Steve Heighway frå skrått hald sette ballen inn ved nærast stolpe, forbi ei feilplassert målvakt. Ni minutt seinare utlikna Eddie Kelly då han pirka ballen i mål, etter rot i Liverpool-forsvaret. Charlie George vart matchvinnar for Arsenal med eit velplassert, halvhøgt skot frå 18-19-meters hald.

Arsenal sitt vinnarlag spelte: Bob Wilson, Pat Rice, Frank McLintock (kaptein), Peter Simpson, Bob McNab, Peter Storey, George Armstrong, George Graham, John Radford, Ray Kennedy, Charlie George. Eddie Kelly kom inn i staden for Peter Storey i det 64. minutt.

Liverpool spelte: Ray Clemence, Chris Lawler, Alec Lindsay, Tommy Smith (kaptein), Larry Lloyd, Emlyn Hughes, Ian Callaghan, Alun Evans, Steve Heighway, John Toshack og Brian Hall. Peter Thompson kom inn i staden for Alun Evans i det 68. minutt

Dommaren heitte Norman Burtenshaw.

Kjelder

endre