Opna hovudmenyen

Fabrizio Mori (fødd 28. juni 1969) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Livorno som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 1999 og vann VM-sølv i 2001 og EM-bronse i 1998,

Fabrizio Mori
Fødd 28. juni 1969
Livorno
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

I forsøka under VM i 1991 fekk Mori notert tida 48,92 sekundar, hans første løp under 49 sekundar på langhekken, men makta ikkje å fylgje opp i semifinalane. Sommaren 1996 forbetra han persen til 48,33 ved eit stemne i Bologna og under Sommar-OL 1996 i Atlanta vart han sjettemann på 400 m hekk. I VM-finalen 1997 i Aten kneip han fjerdeplassen med eit løp på 48,05. Eit par veker seinare, den 16. august, sette han i München personleg rekord med 47,79 sekundar. Sesongen etter kunne han klive opp på sigerspallen etter å ha vorte nummer tre på langhekken under europameisterskapen i Budapest.

30 år gammal nådde Mori toppen ved friidretts-VM 1999, der han sette personbeste og vann ein klar siger framom den sterke franskmannen Stéphane Diagana. To år seinare gjennomførte Mori sitt livs raskaste løp i finalen på 400 meter hekk i Edmonton, då han skulle forsvare VM-tittelen i øvinga. Han kom i mål på 47,54 sekundar, fem små hundredels sekund bakom den nye langhekkmeisteren, Félix Sánchez frå Den dominikanske republikken. I sin siste store meisterskap, EM 2002, vart Mori fjerdemann i mål.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra