Falketind i Jotunheimen
Fjell i Jotunheimen
(Omdirigert frå Falketind)
- Sjå òg Falketind på Dovrefjell.
Falketind (2067 moh.) er eit fjell sør i Jotunheimen. Fjellet vart første gong klatra av Christian Peder Bianco Boeck, Baltazar Mathias Keilhau, og Ole Urdi i 1820. Det var det første fjellet av «alpin karakter» som vart klatra i Noreg. Dei gjekk via Snøggeken (Falkbreen) og nordryggen.
Falketind | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Årdal (Vestland) | ||
Fjellområde | Jotunheimen | ||
Høgd | 2 067 moh. | ||
Primærfaktor | 175 m | ||
Førstestiging | 12.7.1820 (Christian Peder Bianco Boeck, Baltazar Mathias Keilhau, Ole Urdi) | ||
Koordinatar | 61°23′4″N 8°5′49″E / 61.38444°N 8.09694°E | ||
Falketind i Jotunheimen 61°23′04″N 8°05′49″E / 61.384444444444°N 8.0969444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Falketind |
Den gongen heitte tinden Koldedalstinden, men Aasmund Olavson Vinje gav fjellet namnet Falketind over femti år seinare. I etterkant er ekspedisjonen som starta i Øystre Slidre vorte sett på som «oppdaginga av Jotunheimen».
Bakgrunnsstoff
endre- Beskrivelse av Falketind.Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.