Koordinatar: 60°16′18″N 5°19′34″E

Hordamuseet er ei avdeling av Bymuseet i Bergen. Museet ligg på Stend i bydelen Fana i Bergen, der det er ein museumbygning og ei friluftsavdeling med tretti bygningar. Dessutan har museet ei samling på ni stølshus plassert ikring i terrenget på Fanafjellet, i nærleiken av det høgste punktet på vegen over fjellet.

Eit bustadhus frå Fjellskål på Osterøy er ein av bygningane på Hordamuseet.

Samlingane av tradisjonelle hus, båtar, reiskapar og tekstilar er meint å formidla noko av den særeigne levemåten til folket på bygdene i Hordaland i gamal tid. Rike arkeologiske kulturminne innanfor museumsområdet på Stend, mellom anna ei nausttuft frå jarnalderen, vitnar dessutan om busetjing her i 10 000 år. I utstillinga til Norsk vegmuseum på Hordamuseet er det maskiner og utstyr nytta til bygging og vedlikehald av vegane ikring i fylket.

Hordamuseet vart skipa i 1945 som Hordaland Landbruksmuseum på den tidlegare Stend Hovedgårds gamle grunn. Museet fekk namnet Hordamuseet i 1969, og vart frå nyttår 2007 ein part av Bymuseet i Bergen. Initiativtakar og den fyrste museumsstyraren var Johannes Revheim (1907–98).

Museumsbygningen, teikna av arkitekt Einar Vaardal-Lunde, stod ferdig i 1977, og vart utvida i 1998 med eit teaterlokale for Hordaland Teater, kalla Anne Gullestads sal, og ein kafé. Museet og teateret har sams inngang.

Kjelder endre