Kokarde
Ein kokarde er eit rundt eller ovalt merke som ein oftast finn på ein hatt eller andre hovudplagg. Kokardar har fargar med særleg symbolikk, typisk nasjonalfargar.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8a/NapoleonBonaparte_Best.jpg/220px-NapoleonBonaparte_Best.jpg)
Opphavleg var kokardar sløyfer festa til hovudplagg, seinare blei dei laga av band i ein rosett. Kokarden var eit uniformselement frå 1600- og 1700-talet, og ein viste ein lojalitet eller tilhøyrsle med ein kokarde på hatten, på tøyet eller i håret. Det var særleg populært å bruke kokarder på 1700-talet, dels som militært, dels som nasjonalt symbol. Under den franske revolusjonen var det ei tid påbode å bruka revolusjonær trikolorkokarde. Med nasjonalstatane sitt frambrot blei det elles vanleg å nytte kokardar i fargane til flagget. Slike kokardar finn ein framleis som element i mange uniformer og i nokre andre samanhengar, som på norske russeluer og svenske studentluer.
Kokardar på 1700-talet
endreFor britiske jakobinarar var ein kvit kokarde eit viktig symbol, og skotske Robert Burns skreiv eit dikt kalla «The White Cockade».[1]
Under den franske revolusjonen blei kokardar i ulike fargar brukte til å markera tilhøyrsle:
- Grøn kokarde var eit tidleg merke for dei som støtta revolusjonen, og symboliserte håp
- Kvit kokarde blei brukt av den franske hæren og rojalistar
- Svart kokarde var hovudsakleg brukt av aristokratar som var imot revolusjonen
- Trikolorkokarde i raudt, kvitt og blått blei teken i bruk kort tid etter storminga av Bastillen. 17. juli 1789 godtok kong Ludvig XVI denne kokarden. 8. juli 1792 blei han påboden å bruka for menn. Ein har brukt trikolorkokarden mellom anna i militær samanheng og ved sidan.
Militær bruk
endreKokardar blir framleis ein del brukt i militær samanheng, då på hovudplagg som er del av uniformer. I nokre høve er dei blitt endra frå merke av stoff til å vera laga av metall. Stiliserte kokardar blir også ofte brukt som nasjonalmerke på militærfly. Det er derimot ikkje alle flymerke som liknar kokardar.
-
Kokarde frå den norske marinen.
-
Kokarde frå den tyske marinen.
-
Sovjetisk kokarde i metall
Utdanningssamanheng
endreKokardar blir brukt i nokre tradisjonelle studentuniformer, som den nordiske studentlua og i uniforma ved den franske École polytechnique.
-
Russ i russeluer med norsk kokarde.
-
Svensk studentlue med tøykokarde.
-
Finsk studentlue med kokarde av metall.
-
Tosnuta hatt med kokarde er ein del av gallauniforma ved École polytechnique.
Oversyn over nasjonale kokardar
endre-
Argentina sin kokarde (escarapela) er blå-kvit-blå
-
Bolivia sin kokarde er grøn, gul og raud.
-
Brasil har ein blå, gul og grøn kokarde.
-
Chile har ein blå, kvit og raud kokarde med stjerne i midten.
-
Frankrike har ein trifarga kokarde (cocarde) i raudt, kvitt og blått.
-
Italia har kokarde i raudt, kvitt og grønt.
-
Peru sin kokarde (escarapela) er raudt, kvit, raud.
-
Ungarn har ein kokarde (kokárda) i raudt, kvitt og grønt.
-
Uruguay har ein kvit- og blåstripa kokarde.
Kjelder
endre- ↑ Simon Hill, «Bonnie Prince Charlie and the Jacobites» Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine., Scottish History Online
- «kokarde» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Kokarde» frå Wikipedia på dansk, den 21. november 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Glossary of the French Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Timeline of the French Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.