Fang er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som blir tala av litt over éin million menneske i Gabon, Kamerun, Ekvatorial-Guinea og Republikken Kongo. Fang er det mest utbreidde språket i Ekvatorial-Guinea, der det blir brukt av nærare 300 000 menneske. Det blir også tala av 588 000 menneske i Gabon, 121 000 i Kamerun og 8100 i Republikken Kongo. Språket er i slekt med bulu og ewondo, som er utbreidde i Sør-Kamerun.

Fang
Klassifisering Niger-kongospråk
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
       Nordvestleg
        A
         A.70
Bruk
Tala i  Gabon
 Kamerun
 Ekvatorial-Guinea
 Republikken Kongo
Språkkodar
ISO 639-2 fan
ISO 639-3 fan

Under president Macías Nguema var fang offisielt språk i Ekvatorial-Guinea, men i 1982 blei det erstatta av spansk i den tredje grunnlova. Siden har kvar versjon av grunnlova anerkjent fang og andre språk som innfødde i landet og ein integral del av den nasjonale kulturen, sjølv om desse språka ikkje har offisiell status.

Kjelder endre