Opna hovudmenyen
Far From Home
Studioalbum av Traffic
Utgjeve 9. mai 1994
Innspelt 1974 & 1994
Studio Woodstock, Kilcoole, nær Dublin i Irland
Sjanger Rock, progressiv rock[1]
Lengd 62:19
Selskap Virgin
Produsent Steve Winwood, assistert av Jim Capaldi
Traffic-kronologi
When the Eagle Flies
(1974)
Far From Home The Last Great Traffic Jam
(2005)


Far From Home er det åttande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1994. Det var òg det første albumet deira på tjue år, etter When the Eagle Flies i 1974. Det vart spelt inn i eit stort hus kalla Woodstock, utafor Kilcoole sør for Dublin, og miksa i Chateau Miraval i Correns i Sør-Frankrike.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Albumet nådde 29. plassen på UK Albums Chart, der det låg i fire veker og vart det mest suksessrike albumet til Traffic i heimlandet sidan John Barleycorn Must Die i 1970.[4] I Tyskland fekk bandet to mindre hittar («Here Comes a Man» og «Some Kinda Woman»)[5] og nådde 22. plassen på lista der.[6] Det klarte òg å nå 33. plassen på den amerikanske Billboard-lista.[7]

Songen «State of Grace» var skriven av Steve Winwood og Jim Capaldi som ein solosong for Jim Capaldi, men då Traffic uventa vart sameina, valte dei å bruke songen på Far from Home i staden for.[8]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Steve Winwood og Jim Capaldi, utanom der andre er nemnde.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Riding High»    5:30
2. «Here Comes a Man»    5:06
3. «Far from Home»    8:33
4. «Nowhere is Their Freedom»    6:57
5. «Holy Ground»  Winwood, Capaldi, Davy Spillane 7:48
6. «Some Kinda Woman»    5:26
7. «Every Night, Every Day»    5:30
8. «This Train Won't Stop»    5:23
9. «State of Grace»    7:16
10. «Mozambique»    4:22

MedverkandeEndra

Andre medverkandeEndra

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1994 UK Albums Chart 29[4]
Billboard Pop Albums 33[7]
Media Control Charts (Tyskland) 22[6]

KjelderEndra

  1. Ruhlmann, William (2011). «Far from Home - Traffic | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. juli 2019. 
  2. Ruhlmann, William (2011). «Far from Home - Traffic | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. juli 2019. 
  3. Considine, J. D. (2011). «Traffic: Far From Home : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 24. januar 2009. Henta 21. juli 2019. 
  4. 4,0 4,1 Traffic in the UK Charts Arkivert 2011-11-20 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 20. juli 2019.
  5. «Chartverfolgung / Traffic / Single». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Henta 20. juli 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Chartverfolgung / Traffic / Album». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Henta 20. juli 2019. 
  7. 7,0 7,1 Traffic in the USA Charts, Allmusic. Henta 20. juli 2019.
  8. (2011). In Dear Mr Fantasy: The Jim Capaldi Story (pp.32-43) [CD booklet]. London: Freedom Songs Ltd.