John Barleycorn Must Die
John Barleycorn Must Die Studioalbum av Traffic | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juli 1970 | |
Innspelt | Februar–april 1970 | |
Studio | Island Studios og Olympic Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:06 | |
Selskap |
| |
Produsent | Chris Blackwell, Steve Winwood, Guy Stevens | |
Traffic-kronologi | ||
---|---|---|
Last Exit (1969) |
John Barleycorn Must Die | Welcome to the Canteen (1971)
|
Singlar frå John Barleycorn Must Die | ||
|
John Barleycorn Must Die er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1970 som Island ILPS 9116 i Storbritannia, United Artists UAS 5504 i USA, og Polydor 2334 013 i Canada. Det markerte eit comeback for bandet etter at dei for ein kort periode var oppløyst, og nådde femteplassen på Billboard 200, den høgaste plasseringa dei oppnådde i USA.[2] Albumet selde til gullplate i USA. I tillegg låg singelen «Empty Pages» åtte veker på Billboard Hot 100, og nådde 74. plassen.[3] Albumet vart òg ein ganske stor suksess i Storbritannia, der det nådde 11. plassen på UK Albums Chart.[4]
Bakgrunn og innhald
endreSeint i 1968 vart Traffic oppløyst og gitaristen Dave Mason slutta i gruppa for andre gongen før innspelinga av albumet Traffic var ferdig. I 1969 vart Steve Winwood med i supergruppa Blind Faith, medan trommeslagaren og tekstforfattaren Jim Capaldi og blåsaren Chris Wood byrja som studiomusikarar. Wood og Winwood vart òg med i bandet til Blind Faith-trommeslagaren Ginger Baker si gruppe etter Blind Faith, Ginger Baker's Air Force for det første albumet, Ginger Baker's Air Force (1970).[5]
I byrjinga av 1970, etter at Blind Faith vart oppløyst, drog Winwood i studio for å spele inn det første soloalbumet sitt, som opphavleg skulle ha tittelen Mad Shadows. Han spelte inn to songar med produsenten Guy Stevens, «Stranger to Himself» og «Every Mother's Son», men lengta etter likesinna musikarar til å akkompagnere seg. Han inviterte Wood og Capaldi inn i studio og soloalbumet til Winwood utvikla seg til å bli eit nytt album for eit sameint Traffic (utan Dave Mason).[6] Mad Shadows vart tittelen på det andre albumet til Mott the Hoople, som òg var produsert av Guy Stevens.
Dette albumet har påverknad av både jazz og blues, men versjonen av den tradisjonelle, engelske folkevisa «John Barleycorn» synte at dei òg kunne gjere moderne tolkinga av tradisjonell folkemusikk, på liknande vis som dei britiske banda Pentangle og Fairport Convention.
Albumet kom ut på CD i Storbritannia den 1. november 1999, med fem bonusspor, inkludert tre konsertopptak frå Fillmore East i New York City. I USA kom ei ommastra utgåve ut den 27. februar 2001 med to studioopptak som bonusspor.
Steve Winwood hadde oppsyn med utgjevinga av luksusutgåva av albumet den 15. mars 2011,[7] med det originale studioalbumet i ommastra form på eine plata og ei andre plate med bonusmateriale, inkludert fleire opptak frå konserten på Fillmore East og alternative miksar og versjonar av albumspora.
Plateomslag
endreDen originale plata kom ut med eit design der bakgrunnen på framsida var eit fotografi av sekkestoff. Seinare LP-utgåver hadde berre ein grå bakgrunn. Plateomslaget var tydeleg synleg i ein film av Dario Argento frå 1971, Four Flies on Grey Velvet.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [8] |
Christgau's Record Guide | C+[9] |
Meldingane for albumet har vore blanda. AllMusic kritiserte vokalen som «påskot for Winwood til å poengtere den uttrykksfulle røysta si i dei lange instrumentale delane», men noterte òg korleis albumet tok jazzrockretninga til bandet forbi rein jamming.[8] Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa at utan Mason leid låtskrivinga til Traffic på albumet, og bandet vart avhengig av Windwood sin «energilause, improviserte rock, eller er det visesongbasert jazz?»[9]
Innhald og medverkande
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Medverkande | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Glad» | Steve Winwood | Medverkande:
| 6:59 |
2. | «Freedom Rider» | Winwood, Jim Capaldi | Medverkande:
| 6:20 |
3. | «Empty Pages» | Winwood, Capaldi | Medverkande:
| 4:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Medverkande | Lengd |
---|---|---|---|---|
4. | «Stranger to Himself» | Winwood, Capaldi | Medverkande:
| 4:02 |
5. | «John Barleycorn (Must Die)» | Trad.; arrangert av Winwood | Medverkande:
| 6:20 |
6. | «Every Mother's Son» | Winwood, Capaldi | Medverkande:
| 7:05 |
Total lengd: | 35:06 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Medverkande | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Glad» | Winwood | 6:59 | |
2. | «Freedom Rider» | Winwood, Capaldi | 5:30 | |
3. | «Empty Pages» | Winwood, Capaldi | 4:34 | |
4. | «I Just Want You to Know» | Winwood, Capaldi | Medverkande:
| 1:30 |
5. | «Stranger to Himself» | Winwood, Capaldi | 3:57 | |
6. | «John Barleycorn» | trad.; arrangert av Winwood | 6:27 | |
7. | «Every Mother's Son» | Winwood, Capaldi | 7:08 | |
8. | «Sittin' Here Thinkin' of My Love» | Winwood, Capaldi | Medverkande:
| 3:33 |
9. | «Backstage and Introduction» (live; introdusert av Bill Graham) | Winwood, Capaldi | 1:50 | |
10. | «Who Knows What Tomorrow May Bring» (live) | Capaldi, Winwood, Chris Wood | Medverkande:
| 6:56 |
11. | «Glad» (live) | Winwood | Medverkande:
| 11:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Glad» | 6:57 |
2. | «Freedom Rider» | 5:29 |
3. | «Empty Pages» | 4:38 |
4. | «I Just Want You to Know» | 1:33 |
5. | «Stranger to Himself» | 3:57 |
6. | «John Barleycorn» | 6:26 |
7. | «Every Mother's Son» | 7:08 |
8. | «Sittin' Here Thinkin' of My Love» | 3:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Stranger to Himself» (alternativ miks) | Winwood, Capaldi | 4:09 |
2. | «John Barleycorn Must Die» (første utgåve) | trad. arr. Winwood | 5:05 |
3. | «Every Mother's Son» (alternativ miks) | Winwood, Capaldi | 7:03 |
4. | «Back Stage and Introduction» | 1:44 | |
5. | «Medicated Goo» (live) | Winwood, Jimmy Miller | 4:17 |
6. | «Empty Pages» (live) | Winwood, Capaldi | 4:47 |
7. | «Forty Thousand Headmen» (live) | Winwood, Capaldi | 4:30 |
8. | «Who Knows What Tomorrow May Bring?» (live) | Winwood, Capaldi, Wood | 5:16 |
9. | «Every Mother's Song» (live) | Winwood, Capaldi | 7:00 |
10. | «Glad» / «Freedom Rider» (live) | Winwood / Winwood, Capaldi | 14:30 |
Spor 4-10 spelte inn 18–19. november 1970 på Fillmore East.
Teknisk
endre- Andy Johns, Brian Humphries – lydteknikar
- Mike Sida – design
- Richard Polak – fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Barleycorn Must Die» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Murphy, Sean (29. mars 2017). «The 100 Best Classic Progressive Rock Songs: Part 4, 40-21». PopMatters. Henta 19. mai 2019.
- ↑ «Billboard 200 - Traffic». Henta 19. september 2017.
- ↑ «Empty Pages» Chart History, Billboard.com. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Traffic in the UK Charts Arkivert 20. november 2011 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Nick Logan and Bob Woffinden, editors. The Illustrated New Musical Express Encyclopedia of Rock. New York: Harmony Books, 1977, p. 234.
- ↑ John Barleycorn Must Die, 1999 reissue Island Records IMCD 266 546499-2, liner notes p. 3.
- ↑ Progressive Rock with a Capital P. – PopMatters.
- ↑ 8,0 8,1 AllMusic: Traffic - John Barleycorn Must Die (1970) album review by William Ruhlmann
- ↑ 9,0 9,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com.