Fattigmann, også kjend som fattigmannsbakkels, er eit av dei tradisjonelle sju slaga til jul. Kaka er laga av egg, sukker, fløyte, kveitemjøl, kardemomme og konjakk. Ingrediensane blir blanda til ein elastisk deig som blir kjevla ut og skoren i bitar som så blir frityrsteikte.

Fattigmann
Frityrsteiking

Fattigmann stammar truleg frå Italia, der det er ganske vanleg å steika kaker i olje eller smult. Nokre stadar i Italia heiter tilsvarande kaker «cenci fritti», som tyder frityrkokte filler.[1]

Norske utvandrarar tok med seg tradisjonen til USA på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, der kaka no er kjend som «futimonbuckles».

Fattigmann er òg ein tradisjonsrik julebakst i Sverige (klenäter), Danmark (klejner) og på Island (kleinur).

Kjelder endre

  1. «Fattigmann - kakekonge fra Italia». imagasin.info. Arkivert frå originalen 23. desember 2015. Henta 17. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff endre