Sju slag kaker

(Omdirigert frå Sju slag)

Sju slag kaker eller dei sju slaga viser til tradisjonar om å ha sju ulike typar småkake til eit visst høve.

Sju slag småkaker i ein boks.

I nyare norsk samanheng viser det til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup.[1] I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap.[2]

Kakene kan vera av ulike deigtypar, men det finst fleire oppskrifter på sju kakeslag laga av ein grunndeig.[3][4]

Sju slag i Noreg

endre
 
Ulike julekaker på eit fat.

Sju slag blir ofte nemnd i samband med julebakst i Noreg. Det er ikkje kjend korleis omgrepet oppstod, og det er ikkje funne prov for at dette er ein gammal skikk.[5] Talet på kaker ein laga til jul kunne variera til opptil 20 på storgardar tidleg på 1900-talet.[5] Den eldste omtalen av sju slag kaker Henry Notaker har funne var til eit bryllaup på Vestlandet for rundt hundre år sidan.[1]

Mange av kakeslaga som blir nemnde som del av dei sju har kome til landet nokså nyleg. Ei rekkje av dei blir laga i steikeomn, som berre byrja bli utbreidd i Noreg frå midten av 1800-talet. Tidlegare var det vanlegast å steika kaker i jern eller frityrsteika dei i smult.[5]

Gamle kaker steikte i jern er til døme goro, avletter og skrivarbrød. Kaker steikte i smult, som ein tradisjonelt fekk frå grisen ein slakta til jul, kunne vera smultringar, hjortetakk og rosettbakkels.[5] På 1700-talet skilde ein ikkje mellom julekaker og andre småkaker. Julekaker blei først definerte som særskild knytte til høgtida på 1800-talet.[1]

Kva kaker som eventuelt høyrer til dei sju slaga kan variera, men vanlege typar er:[6][7]

Sju slag i Sverige

endre
 
Småkaker ved Skoklosters slott i Sverige.

I Sverige kan ein ha sju sorters kakor ved kaffislaberas (kafferep). Skikken med å ha minst sju slag kaker ved slike samkomer er kjend frå slutten av 1800-talet av.[8]

I 1945 blei det gjeve ut ei kokebok kalla Sju sorters kakor. Boka fortalde at sju slag var eit minstekrav for kor mange kaker ein skulle servera i eit selskap tidleg i hundreåret. Ein kunne rekna det som underleg å servera mindre enn sju, og hovmodig å servera fleire. Det verker likevel som om ulike reglar galdt på ulike stader.[9]

Kakeslag

endre

Ei typisk servering til eit kafferep på 1930-talet hadde bakverk i ei viss rekkjefølgje bestemt av konsistensen, sødma og storleiken deira. Den tradisjonelle rekkjefølgja var:[10]

  1. Kveitebrød (bolle eller mindre brød, längd)
  2. Lyst sukkerbrød
  3. Mørkt sukkerbrød
  4. Lys, tørr småkake
  5. Mørk, tørr småkake
  6. Fylt småkake
  7. Bakelse (ofte med mandelmasse i, alternativt ei toscakake)

Deretter kunne ein ha ei valfri forseggjort kake.

Kva småkaker ein serverer til kafferep kan variera, men nokre typar som ofte er nemnde er:





Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 forskning.no, Marianne Nordahl journalist i (23. desember 2010), «Julekakenes historie», forskning.no (på norsk), henta 2. desember 2019 
  2. «Kokaihop.se», www.kokaihop.se, henta 2. desember 2019 
  3. «Grundrecept sju sorters kakor», DN.SE (på svensk), 10. april 2011, henta 22. november 2021 
  4. Olaussen, Marie (17. desember 2016), «Nå kan du bake sju slag av én deig (og nei, det smaker ikke likt av alle sammen ...)», Tønsbergs Blad (på norsk), henta 22. november 2021 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 17.12.2017; Busterud, klokken 12:00 Kjersti; NPK, «– Det har aldri vore nokon tradisjon for å bake akkurat sju sortar», Nationen, arkivert frå originalen 23. oktober 2020, henta 2. desember 2019 
  6. «Syv slag til jul: Her er oppskriftene». Verdens Gang. 11. desember 2010. Henta 31. desember 2011. 
  7. «Alle sju slaga», www.matprat.no (på norsk), henta 2. desember 2019 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 «Sju sorters kakor». Kokaihop.se. Henta 30. juli 2013.
  9. Ahlin, Lisa (2011-12-12): «Kafferepet : Trugandets värdskap». Kulturdelen.se. Henta 30. juli 2013.
  10. «Ett kafferep som förr». Arbetarbladet. 13. oktober 2013. Arkivert frå originalen 7. juli 2015. Henta 7. juli 2015. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 Palmquist, Sara/TV4: «Sju sorters kakor». Recept.nu. Henta 30. juli 2013.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 Landqvist, Malin (2011-04-10): «Grundrecept sju sorters kakor». DN.se. Henta 30. juli 2013.