Feast av The Creatures

Feast av The Creatures
Studioalbum av The Creatures
Utgjeve 15. mai 1983
Innspelt Januar 1983
Studio Hawaii
Sjanger
Lengd 35:46
Selskap Polydor
Produsent
The Creatures-kronologi 
Wild Things
(1981)
Feast av The Creatures Boomerang
(1989)
Siouxsie Sioux-kronologi
A Kiss in the Dreamhouse
Siouxsie and the Banshees
(1982)
Feast av The Creatures Hyæna
(1984)
Singlar frå Feast
  1. «Miss the Girl»
    Utgjeve: 15. april 1983

Feast er det første studioalbumet til den britiske duoen The Creatures, som bestod av Siouxsie Sioux og musikaren Budgie, som då var medlemmar i bandet Siouxsie and the Banshees. Albumet nådde 17. plassen på UK Albums Chart og singelen «Miss the Girl» nådde 21. plassen . Med det første albumet deira omfamna bandet exotica, inkludert «bølgjer som bryt på strender», «tilfeldige naturlydar» og lokale hawaiiske songarar.[1] Kritikaren Ned Raggett skildra det som «ei frodig, tropisk oppleving».[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Record Mirror4/5 stars[2]

Innspeling og musikk

endre

Siouxsie og Budgie valde staden å spele inn albumet på med å kaste ei pil på eit verdskart. Resultatet vart Hawaii. Fleire av songane omhandlar opplevingane deira der, inkludert «Festival of Colours» og «A Strutting Rooster».

Mark Brennan frå Melody Maker sa at opningssporet på albumet, «Morning Dawning», «byrjar med lyden av medverknad: bølgjer som jagar mot ei strand, dei sløve skvulpa ved daggry - eit lydspor for ei underverd som er suvenirar mellom minner frå mørkret og forventningar om lys, tilstanden mellom å liggje i fortida og hoppe inn i framtida».[3]

Songtittelen «Inoaʻole» er hawaiisk for «utan namn». «Ice House» var inspirert av eit obskurt fjernsynsteater, medan singelen «Miss the Girl» var inspirert av J.G. Ballard-romanen Crash. «Dancing on Glass» var basert på ein indisk musikal, og under innspelinga dansa Siouxie og Budgie på knuste speglar med sterke sko for skape lyden av knust glas.

Utgjeving

endre

Feast kom ut på Polydor Records den 15. mai 1983, to år etter EP-en Wild Things. Feast var òg det første albumet gjeve ut på Wonderland, eit selskap skapt av medlemmar i Siouxsie and the Banshees i 1983.

Albumet vart ommastrai 1997 og kom ut på ny som ein del av CD-samlinga A Bestiary of.

Mottaking

endre

Feast fekk god kritikk då det kom ut. Paul Prayag i Record Mirror hylla albumet, gav det fire av fem stjerner og skreiv: «Siouxsie and Budgie går djupare og djupare inn i jungelen som ikkje ser ut til å ha klårt definerbare grenser».[2] Melody Maker skildra Feast som «eit album med filtrert glans, fruktbart, sensuelt og erotisk. Eit album som i sin desperate naivitet prøver å artikulere augneblinken når monsunen er over, når lukta og varma konspirerer i ei parfymert tåke og livet spirer augneblikkeleg, grønt og luksuriøst».[4] Mark Brennan sa det var «andelaust eksotisk og fantastisk erotisk».[3] NME skreiv at: «The Creatures har sett saman eit mangfaldig smell som er så forskjellig og kaleidoskopisk som ein kan førestille seg. Humøra i det frostige strupehovudet til Sioux er nakent skissert mot hud av stundom glimrande kvalitet. Trommelyden på 'Ice House' må vere ein av dei beste som er spelt inn».[5]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Siouxsie og Budgie.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Morning Dawning»4:02
2.«Inoaʻole»3:49
3.«Ice House»2:46
4.«Dancing on Glass»2:16
5.«Gecko»3:50
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Sky Train»3:15
7.«Festival of Colours»3:33
8.«Miss the Girl»2:35
9.«A Strutting Rooster»5:04
10.«Flesh»4:26

Medverkande

endre
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Budgie – trommer og perkusjon
  • The Lamalani Hula Academy Hawaiian Chanters – kor

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Raggett, Ned. «Feast – review». AllMusic. Henta 17. august 2020
  2. 2,0 2,1 Prayag, Paul. Feast review. Record Mirror. 28. mai 1983.
  3. 3,0 3,1 Brennan, Mark. «The Naked Lunch [Feast review]». Melody Maker. 21. mai 1983. P. 27
  4. Sutherland, Steve. «Dancing on Glass». Melody Maker. 14. mai 1983.
  5. Cook, Richard. «All Creatures Great And Small». NME. 14. mai 1983.