Hawaiisk
Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språk på Hawaii.[2] Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk.[3] Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.[4]
Hawaiisk ‘Ōlelo Hawai'i | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayo-polynesisk Austleg Oseanisk Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk Sentralt Markesisk Hawaiisk | |
Bruk | ||
Tala i | USA | |
Hawaiisktalande i alt | 1 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | haw | |
ISO 639-3 | haw | |
Wikipedia på hawaiisk |
Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.
Ortografi
endreOrtografien for hawaiiisk vart uvikla av protestantiske misjonærar frå USA i 1820-1826. Den første versjonen av alfabetet inneheldt også dei stemte versjonane av konsonantrekka ( b, d, r, t, v), men dei vart erstatta av ein fonematisk analyse av språket. Alle vokalane representerer eit kort og eit langt fonem, lange vokalar er markert med makron (ā, ē, ī, ō, ū).
Aa | Ee | Ii | Oo | Uu | Hh | Kk | Ll | Mm | Nn | Pp | Ww | ʻ |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
/a/ | /e/ | /i/ | /o/ | /u/ | /h/ | /k~t/ | /l/ | /m/ | /n/ | /p/ | /v~w/ | /ʔ/ |
Grammatikk
endreFonologi
endreKonsonantar
Hawaiisk er kjend for å ha eit svært lite konsonantsystem: To nasalar, tre lukkelydar og tre sonorantar/frikativar, med andre ord eit system med åtte fonem i ei 3x3-matrise.
Labial | Alveolar ~ Velar | Glottal | |
---|---|---|---|
Nasal | m | n | |
Plosiv | p | t ~ k | ʔ |
Frikativ ~ Sonorant | w ~ v | l | h |
Vokalar
Hawaiksk har verdas vanlegaste vokalsystem, femvokalsystemet /i - e - a - o - u/, med lengdeskilnad. For vokalane /e/ og /a/ skil dei korte og lange vokalane seg frå kvarandre også kvalitativt (lang [e:, a:], kort [ɛ ~ e, ɐ ~ ə ].
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
lukka | i | u | |
halvopen | e | o | |
open | a |
Diftongar
Hawaiisk har også diftongar, 10 lange og 6 korte.
Stavingsstrukturen i hawaiisk er (C)V(V).
Ordklasser
endreHawaiisk er, som andre polynesiske språk, eit isolerande språk.
Det finst to ordklasser, innhaldsord og partiklar.
Hawaiisk uttrykker syntaktiske funksjonar ved hjelp av partiklar:
- ʻo markerer subjekt
- i eller ia markerer objekt
- ma markerer lokasjon
- a markerer skiljeleg genitiv
- o markerer uskiljeleg genitiv (kroppsdelar o.l.)
- e markerer agensfraser i passiv
- ē markerer vokativ
Ordstilling
endreOrdstillnga er VSO.
Nominalfrase
endreTal og bestemtheit blir bestemt med ein partikkel.
Singular | Plural | |
---|---|---|
bestemt | ka / ke (den, det) | nā (dei) |
ubestemt | he (eit, ei, eit) | Ingen determinativ partikkel, evt. he mau |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hawaiiska» frå Wikipedia på svensk, den 27. mars 2012.
- Fotnotar
- ↑ Ethnologue-tal frå 1995
- ↑ Constitution of the state of Hawaii, Hawaii legislative reference bureau
- ↑ Hinton, Leanne; Hale, Kenneth (2001), The Green Book of Language Revitalization in Practice (på engelsk), Academic Press
- ↑ Elbert, Samuel H.; Pukui, Mary Kawena (1979), Hawaiian Grammar (på engelsk), Honolulu: The University Press of Hawaii, ISBN 0-8248-0494-5
Bakgrunnsstoff
endre- Hawaiian Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).Denne språkartikkelen som har med Hawaii å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.