Feast of the Seven Fishes

The Feast of the Seven Fishes (italiensk Festa dei sette pesci), også kjend som The Eve (La Vigilia), er ei italiensk-amerikansk julaftanfeiring der ein serverer ulike fisk- og sjømatrettar.[1][2] Vanlegvis serverer ein sju ulike rettar til måltidet, men talet kan variera.

Skjel og linguine-rett frå Feast of the Seven Fishes
Flyndre med sitron og kapers frå Feast of the Seven Fishes
Krabbe-carbonara frå Feast of the Seven Fishes
Cioppino medlaks, reker, musling, skjel, bacalao og hummar-tomatkraft frå Feast of the Seven Fishes

Opphav og tradisjonar endre

The Feast of the Seven Fishes er del av den italiensk-amerikanske julefeiringa, og er ein feast i tydinga 'festmåltid', ikkje 'høgtid'.[1][3] Julaftan er ein vigilie- eller fastedag, og overfloda av sjømat viser til at ein avstår frå å eta kjøt før på sjølve juledag.

Tradisjonen stammar frå Sør-Italia, der feiringa berre er kjend som La Vigilia. Ho er til minne om ventinga, Vigilia di Natale, før fødselen til Jesus markert ved midnatt.

Den lange tradisjonen med å eta sjømat på julaftan stammar frå den katolske tradisjonen med å avstå frå å eta kjøt kvelden før ein høgtidsdag. Sidan ein ikkje kunne eta kjøt eller dyrefeitt på ein slik dag, pleide praktiserande katolikkar å eta fisk, vanlegvis steikt i planteolje.

Den første omtalen av feiringa under namnet «Feast of the Seven Fishes» er frå 1980-talet i The New York Times og Philadelphia Inquirer.[4][5] Det er uklart kva tid omgrepet kom i utbreidd bruk. Måltidet kan omfatta sju, åtte eller til og med ni særskilde fiskerettar som ein reknar som tradisjonelle. Nokre italiensk-amerikanarar kan tilmed feira med ni, elleve eller tretten ulike sjømatrettar. «Sju» fiskar som eit fastsett omgrep er ukjend i Italia. I nokre av dei eldste italiensk-amerikanske familiane telde ein heller ikkje talet på fiskerettar. Måltidet byrja gjerne med kviting i sitron, følgd av ei eller anna form for skjel eller musling med spagetti, baccalà og deretter eitkvart tal andre sjømatrettar.

Den best kjende retten for søritalienarar er baccalà (klippfisk). Skikken med å feira med ein enkel fiskerett som baccalà reflekterer kulturen i dei historisk utfattige regionane av Sør-Italia, og årstida ein feirer jul på. Steikt lodde, calamari og andre typar sjømat er blitt del av julaftansmiddagen over tid.

Symbolikk endre

Det finst mange teoriar rundt kva sjutalet representerer. Det er i alle høve eit viktig tal i kristen tradisjon.

Ein populær teori er at talet viser til fullending, som i Fyrste mosebok 2:2-3: Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Gud velsigna den sjuande dagen og helga han.[6]

Andre teoriar seier at talet står for dei sju sakramenta i Den katolske kyrkja; eller at det representer dei sju høgdene i Roma som omgjev byen.

Typiske rettar endre

Rettane i måltidet kan omfatta ulike kombinasjonar med ansjos, kviting, hummar, sardin, baccalà (klippfisk), lodde, ål, blekksprut, reker, muslingar og skjel. På menyen kan ein også ha pasta, grønsaker, bakverk og vin.

Populære rettar
 
Cannoli servert ved Feast of the Seven Fishes

I populærkulturen endre

  • Den grafiske romanen Feast of the Seven Fishes av by Robert Tinnell (2005; ISBN 0976928809), er blitt filmatisert med Madison Iseman og Skyler Gisondo i hovudrollene.[7]
  • Filmen A Wedding for Bella eller The Bread, My Sweet, med skodespelarane Scott Baio og Kristin Minter, nemner feiringa av Feast of the Seven Fishes i ein italiensk-amerikansk familie.
  • Romanen Angelina's Bachelors – A Novel with Food (2011; ISBN 978-1-4516-2056-6) av Brian O'Reilly inneheld ei skildring av ein gourmet-versjon av Feast of the Seven Fishes, og oppskrifter på ål over arborioris and cæsarsalat med frityrsteikt lodde.
  • I Golden Girls-episoden «Have Yourself a Very Little Christmas» nemner Sophia at steikt ål er ein vanleg juleskikk i mange italienske (sicilianske) familiar.[8][9][10]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Melissa Clark (16. desember 2013). «Surf's Up on Christmas Eve. Feasting on Fish to the Seventh Degree». The New York Times. Henta 30. desember 2013. «It's a Southern Italian (and now Italian-American) custom in which a grand meal of at least seven different kinds of seafood is served before midnight Mass The fish part comes from the Catholic practice of abstaining from meat on Christmas Eve, while the number may refer to the seven sacraments.» 
  2. Craig Claiborne (16. desember 1987). «A Seven-Course Feast of Fish». The New York Times. Henta 30. desember 2013. «It is a Christmas Eve ritual handed down from mother to son. Every year, Ed Giobbi, the artist and cookbook author, serves a holiday feast of seven fish dishes (seven for the seven sacraments). Each dish is cooked in a different manner — broiled, fried, baked and so on — or uses a different main ingredient. There is generally a fish or seafood salad and, inevitably, pasta served with a seafood sauce. ...» 
  3. Marchetti, Domenica (25. desember 2012). «Feast of the Seven Fishes: only in America». American Food Roots. Henta 27. august 2013. 
  4. Claiborne, Craig (16. desember 1987). «A Seven-Course Feast of Fish». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 4. januar 2019. 
  5. «The Philadelphia Inquirer from Philadelphia, Pennsylvania on December 20, 1983 · Page 41». Henta 4. januar 2019. 
  6. 1 Mos 2,2
  7. «Feast of the Seven Fishes» – via www.imdb.com. 
  8. «Oh Shut Up Rose!». Arkivert frå originalen 23. desember 2017. Henta 24. desember 2017. 
  9. Kagan, Sarah. «Mario Batali's Feast of the Seven Fishes». Arkivert frå originalen 7. juli 2017. Henta 24. desember 2017. 
  10. Asaff, Beth. «Why Do Italians Eat Seven Fish on Christmas Eve?». Arkivert frå originalen 6. juni 2017. Henta 24. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff endre