Tretten dessertar

Tretten dessertar (oksitansk lei tretze dessèrts) er tradisjonelle dessertar knytte til julefeiring i den franske regionen Provence. Den «store middagen» (le gros souper) endar med dei rituelle 13 dessertane, som representerer Jesus og dei 12 læresveinane hans. Tradisjonelt set ein ut maten på julaftan, og han blir ståande på bordet i tre dagar, til 27. desember.[1]

Tretten dessertar i Provence
Dekt bord med tretten dessertar i rådhuset i Avignon.
Tretten dessertar i Caderousse.
Dei tretten dessertane frå juletradisjonen i Provence.

Talet på dessertar er alltid tretten, men kva matslag ein har kan variera etter stad eller familietradisjon.[2] Det er dokumentert over femtifem ulike mattypar som del av dei tretten rettane.[3]

Tørka frukt og nøtter endre

Dei fyrste fire av desse blir kalla «dei fire tiggarane» (les quatre mendiants) og representerer dei fire tiggarmunkordenane: Dominikanarane, fransiskanarane, augustinarane og karmelittane.[4]

Frisk frukt endre

Søtmat endre

  • Biscotins (kjeksar) frå Aix
  • Calissons d'Aix, marsipan-aktig søtsak laga av mandelmasse og kandisert melon.
  • Kandisert sukatsitron
  • Casse-dents d'Allauch (kjeks)
  • Spisskum- og fennikelfrø-kjeks
  • Bugnes (tynne, frityrsteikte småkaker)
  • Frukt-tourtes
  • Oreillettes, tynne vaflar[1]
  • Pain d'epices
  • Pompes à l'huile eller fougasse à l'huile d'olive, ei søt kake eller brioche laga med appelsinblomevatn og olivenolje[6]
  • Kvede-postei (Pâte de coing)
  • Julekubbe
  • To typar nougat som står for godt og vondt[2]
    • Svart nougat med honning (Nougat noir au miel), ein hard nougat laga av honning og mandlar
    • Kvit nougat (Nougat blanc), ein mjuk nougat laga av sukker, egg, pistasj, honning og mandlar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Christmas Traditions in Provence». www.provenceweb.fr. 
  2. 2,0 2,1 «The Thirteen Desserts of Christmas - Les Treize Desser». Mama Lisa's World of Children and International Culture. 
  3. «Les 13 desserts» (PDF), Traditions de Noël en Provence (på fransk) (Direction de la Culture Service Affaires Provençale): P8, 2007 
  4. «The Thirteen Christmas Desserts». www2.culture.gouv.fr. 
  5. «Aroma Tours of Spain, Provence, Tuscany, Italy and Bali». aroma-tours.com. 
  6. 6,0 6,1 «Provençal Desserts | Avignon et Provence». www.avignon-et-provence.com.