Felles Framtid

Felles Framtid var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1993. Partiet oppstod som eit utbrytarparti frå Pensjonistpartiet. Det stilte eigne lister i seks fylke i 1993: Buskerud, Finnmark, Hedmark, Hordaland, Oslo og Troms. I tillegg stilte det fellesliste med Pensjonistpartiet i Nord-Trøndelag. Dei reine Felles Framtid-listene fekk 547 røyster, 0,02 % av røystene ved stortingsvalet totalt. Partiet vart dermed ikkje representert på Stortinget.

Seinare har partiet gått gjennom ein serie med namneendringar, til Folkets Vilje (1995), Generasjonspartiet (1999) og Sosialdemokratane (2000).[1] Under det siste navmet stilte det til val ved stortingsvalet 2001, men i 2005 stilte det ikkje lister.